Minikongress om klima og berekraft i landbruket

okt
Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Saman med Sparebanken Norge inviterer Tine Produsentlaget Hardanger, Nortura distriktet Hardanger og Voss, Bondelaga i Kvam og Kvam Sau & Geit til ei fagleg dagssamling om klima og berekraft i landbruket.

Arrangementet er gratis, og varm lunsj er inkludert. Invitasjonen går først ut til medlemer i dei arrangerande organisasjonane. Etter nokre dagar opnar me for bønder i eit større geografisk område – så ikkje vent med påmeldinga dersom du vil sikre deg plass. Påmeldingsfrist: 12. september.

Trykk her for å melde deg på klima- og berekraftssamlinga      

Tema og innhald

Landbruket står midt i ei utvikling der klima og berekraft påverkar både drifta på gardenog dei krava som møter oss som bønder. Målet med minikongressen er å gi deg som bonde:

  • innsikt i kvifor faglag og samvirke arbeider med klima og berekraft
  • oversikt over kva krav som vert stilt til oss
  • forståing av korleis du kan forhalde deg til dette i kvardagen
  • kunnskap om kva du får att for innsatsen – fagleg, økonomisk og driftsmessig

Gjennom dagen får vi innlegg frå:

  • Nortura – Cecilie Arnesen Hultmann, leiar for bærekraft
  • Nortura – Per Johan Lyse, tilførselsrådgjevar småfe i Vest og klimarådgjevar
  • Norges Bondelag – 1. nestleiar Bodhild Fjelltveit
  • Tine – rådgjevar Linda Høyby Slåttelid
  • Sparebanken Norge – Eirik Sundström Vevatne
  • Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) – rådgjevar Helena Elvatun

Innlegga gir ei konkret og forståeleg innføring i korleis klima- og berekraftsarbeidet heng saman med bondens kvardag, kva som er på veg inn av krav og forventningar, og korleis du kan jobbe smart og målretta på eigen gard.

Rådgjevarane frå Tine, Nortura og NLR vil vere tilgjengelege i pausar og etter programslutt for konkret rettleiing, både om klimaplan, tiltaksvurderingar og praktiske løysingar på gardsnivå.

Kvifor delta?

Dette er ein dag for deg som vil:

  • forstå kvifor klima- og berekraftsarbeidet er viktig for landbruket
  • få oversikt over kva krav som kjem frå samvirke, bank og myndigheiter
  • vite korleis du kan forhalde deg til dette i kvardagen
  • sjå kva du får att for innsatsen – både fagleg, økonomisk og driftsmessig
  • få konkrete råd og snakke direkte med rådgjevarar som kjenner landbruket i Hardanger og Vestland

Påmelding klima- og berekraftssamling