Søk:

Verktøylinje

Optimisme i sauenæringa:

245 sauebønder på seminar for å lære meir om "Stordrift med sau"

(16.03.15) Onsdag 11. mars 2015 arrangerte Team småfe i Nortura i samarbeid med Norsk Sau og Geit og Animalia seminar med tema "Stordrift med sau". Dette var tydelegvis eit tema som interesserte mange. 275 stk var påmeldte til seminaret. Flystreik og nokre få sjukdomsforfall gjorde at det var 243 sauebønder frå heile landet som sat samla i salen da fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem, ynskte velkomen til seminar.


 

Velkommen til seminar
Finn Avdem
I velkomstinnlegget sitt så roste Finn Avdem den gode oppslutninga om seminaret. Det gjev inspirasjon for rådgjevarane på sau.

Han kom også inn på prisutviklinga på lam den seinare åra og kor viktig det er å ha eit sterkt effektivt samvirke med både små og store sauebønder bak seg når ein skal møte kjedene i prisforhandlingar.

Avdem avslutta med at målet for dagen var at alle skulle reise heim med ny kunnskap og inspirasjon til å lykkast som sauebonde.

Velkomstinnlegg (pdf. 192 kb)

Etter dette tok ordstyrar Erling Skurdal over og introduserte dagens fyrste foredragshaldar.




Frå liten til stor
Lisbeth Hektoen
Første foredragshaldar ut var Lisbeth Hektoen frå Helsetjenesten for sau i Animalia. Ho hadde ein gjennomgang av ei spørjeundersøking som er gjort blant tretten saueprodusentar med minst 250 sau og som hadde som hadde auka sauetalet vesentleg dei siste fem åra. Foredraget handla om:

  • Kvifor auke sauetalet?
  • Finst det eit optimalt sauetal?
  • Sauefjøset
  • Effektive arbeidsrutinar
  • Helse
  • Avl

Frå liten til stor (pdf. 82 kb)


Stor sauebonde- korleis få ein god økonomi?
Stig Runar Størdal
Neste foredragshaldar skulle vera Norturarådgjevar Stig Runar Størdal som skulle snakke om "Stor sauebonde, korleis få ein god økonomi" Han måtte dessverre vera heime pga influensa, men du finn foredraget hans her. Han starta med ein gjennomgang av NILF-undersøkinga "Best på sau". Konklusjonen frå denne undersøkinga var at "stort ikkje alltid gjev best lønsemd" og at det er viktig å ha god kontroll på dei faste kostnadene for å få god økonomi.

Han viste også til aukande lønsevne i sauenæringa, og at det er stor variasjon mellom bruka. Til slutt hadde han laga to fiktive driftsplanar for ein gard.

  • Alternativ 1: Bygge nytt fjøs til dagen dyretal på 100 vfs- behalde jobbar utanom bruket
  • Alternativ 2: Bygge nytt fjøs til 500 vfs – jobbe mindre utanom bruket

Utfordringar med å vekse og korleis økonomien blir i desse to alternativa, får du sjå ved å lese innlegget til Stig Runar.

Viktige faktorar som påvirker økonomien i store besetninger (pdf. 270 kb)


Helseutfordingar i stordrift med sau
Berit Hansen
Neste ut var Berit Hansen, frå Bø i Vesterålen. Ho jobbar i eit distrikt med aktive og dyktige sauebønder. Ho tok for seg desse tema:

  • Leddsjukdom og sepsis hjå lam og korleis forebyggje dette.
  • Prosjekt "Immunstatus hjå lam" eit prosjekt som skulle finne samanheng mellom antistoffnivå/råmjølkstildeling og utvikling av leddbetennelse. Denne undersøkinga viste at  mindre smittepress er like viktig som immunstatusen til lammet for å få mindre leddbetennelse.
  • Koksidiose og korleis forebyggje utbrot av det
  • Vaksinering
  • Salmonella-abort og tiltak som må gjerast om ein blir utsett for det

Til slutt reklamerte Berit for å lage "Fjøsgrupper"- eit rådgjevingsopplegg der bønder gir råd til bønder

Helseutfordingar i stordrift med sau (pdf. 1 068 kb)


Slik driv vi med vekt på organisering av lamminga for å redusere lammetapet
Anders Schanche Rettedal
Neste mann ut var Anders Schanche Rettedal frå Utstein Gard på Mosterøy. Han fortalde om drifta på Utstein og tiltak han legg vekt på for å redusere lammetapet.

Vi fekk høyre om tiltak for å redusere daudfødte lam, korleis han organiserer lammingsperioden med innleidd og eigen arbeidskraft og tiltak for å redusere smittepresset.

Han var også innom rutinar for oppdrett av kopplam og han avslutta med sju viktige tips for deg som ynskjer å auke besetninga.

  • Logistikk-fjern tidstjuvar
  • Nøye med registrering av data for å bruke som verktøy for å bli betre
  • Gjer oppgåvene riktig fyrste gongen
  • Klart definerte oppgåver til dei som bidreg i drifta
  • Finn gode system for oppfølging av dyra
  • Bevisstgjer familien på arbeidstoppane
  • Være tøff i prioriteringane

Presentasjonen Stordrift med sau (pdf. 3 106 kb)


Ulike løysingar for god dyreflyt i sauefjøs
Tor G. Homme
Neste mann ut skulle vera byggrådgjevar i Nortura Tor G. Homme som skulle innleiie på emnet "God dyreflyt i sauefjøs". Han vart også dessverre sjuk dagen før seminaret og måtte halde senga. Vi var difor uheldige med foredragshaldarane frå Team småfe denne dagen! Men også han hadde laga eit godt manus du kan lesa her. Han tek for seg dette:

  • Korleis stress påverkar sauen
  • Korleis røktar påverkar sauen
  • Rutinar
  • Utforming av drivgangar og kostnader med dette
  • Storbinge

God dyreflyt i sauefjøs (pdf. 155 kb)


Slik driv vi med vekt på god dyreflyt i fjøset
Pål Egil Rønn
Neste innlegg var ved Pål Egil Rønn, sauebonde frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Garden hans er i samdrift med Rudi Gard. Vi fekk difor fyrst ein presentasjon av samdrifta Rønn og Rudi Lam, prosessen med bygging av det nye samdriftsfjøset og drifta der.

Han har m.a. svært god erfaring med lammegøyme. Han legg ein rimeleg fiberduk i botn og legg halm oppå der. Han trur nemleg at plastriser kan bli litt fuktige, noko som kan føre til infeksjon gjennom navlen. Tørt og lunt miljø er viktig!

Så fekk vi høyre meir om korleis dyreflyten blir organisert i samband med bruk av sorteringsanlegget, i lamminga og rundt fjøset om våren.

Presentasjon Rønn og Rudi Lam (pdf. 20 270 kb)


Ulike mekaniseringslinjer for tildeling av grovfôr og kraftfôr
Tor G. Homme
På grunn av sjukdomsforfallet til Tor G. Homme, steppa tidlegare Nortura-rådgjevar og nå Fjøssystem-medarbeidar, Knut Evensen inn og hadde eit innlegg om ulike mekaniseringslinjer for tildeling av grovfôr og kraftfôr. I tillegg har Tor laga manus som du kan lese her.

Han skildrar to prinsipp for grovfôrtiledeling; ein eteplass per dyr og appetittfôring med mange dyr per eteplass.  Fôrspill kan vera betydeleg ved appetittfôring. Kraftfôrstasjon er også omtala og ulike formar for tradisjonell fôring på fôrbrett med takhengt fôring, rullande fôrbrett og små, smale hjullastarar. Til slutt får vi ein liten omtale av fullfôr.

Fôrlinjer (pdf. 148 kb)


Slik driv vi med vekt på erfaringar med fullfôr til sau
Steingrim Viken
Neste ut var Steingrim Viken, sauebonde frå Oppdal i Sør-Trøndelag. Han har mange års erfaring med fullfôr til sau. Han fortalde om drifta si og korleis han tenkjer når han skal utnytte fullfôrsystemet sitt. Han fortalde at han dyrkar to type grovfôr, eit som gir gass (protein og energi) og eit som gir brems (fiber og struktur) i tillegg til halm og grønfôr. Desse blir blanda med ulike forhold ettersom kva fase ein er i.

Han hadde ein gjennomgang av fôring og drøvtyggarfordøyelsen for å gje ein teoretisk bakgrunn for kvifor fullfôr er så bra. Erfaringane hans er svært god fôrutnytting og låge kraftfôrrekningar. Han lagar seg ein fôrplan med utgangspunkt i fôranalyser og eit rekneark frå Team småfe i Nortura.

Vi fekk også ein teknisk gjennomgang av fullfôranlegget. Han avslutta med at grovfôrdyrkinga har blitt mykje meir interessant etter at han gjekk over til fullfôr.

Fullfôr til sau presentasjon (pdf. 13 080 kb)

Fullfôr til sau foredrag (pdf. 62 kb)


Slik driv vi med vekt på system for slipping og flytting av sau på innmarksbeite og slepping og sanking på utmarksbeite
Jon Arne Nyland
Siste foredragshaldar var Jon Arne Nyland, sauebonde frå Vesterålen. Vi fekk fyrst høyre om drifta på Nyland gard. Han fortalte så om korleis han bruker sorteringsanlegget ved handtering av sauen. Jon Arne sorterer sauene etter kva skifte og beite sauene skal sleppast på og tal dyr i bingane er tilpassa dyrehengaren som blir brukt med transportkasse framme til lamma. Gjeterhundane blir brukt aktivt ved samling av sauen, til for eksempel koksidiosebehandling ute på beitet.

Sauene går på fire forskjellige sommarbeiter og beite/binge systemet til Sauekontrollen og signalmerking blir brukt for å halde styr på dette. Sauen blir sleppt puljevis i utmarka. Sankinga er godt organisert med samarbeid med fleire beitelag. Etter sanking blir søyer sett inn til avsining og lamma sortert etter vekt og sluttfôra på beite av ulik kvalitet og kraftfôr grovfôr.

Jon Arne roser det gode miljøet sauebøndene i Vesterålen har. Det gjer livet som sauebonde så mykje trivelegare!

Nyland Stordrift med sau presentasjon (pdf. 11 673 kb)

Nyland Stordrift med sau foredrag (pdf. 42 kb)


Avslutning og vel heim!
Audun Meland
Leiar i Fagutval småfe, Audun Meland, avslutta seminaret. Han la mellom anna vekt på kor viktig dei mindre produsentane er for tilførslane av lam til Nortura. Med den topografien som Noreg har, vil ein ikkje greie å dekke marknaden med norsk lammekjøtt utan det store bidraget frå desse. Det er også viktig å ha med seg på ein dag der stordrift er temaet.

Han poengterte også kor viktig det er å behalde sauen som eit dyr som produserer mat på grovfôr, beite og norsk utmark.

Han oppfordra også til å tenkje på neste generasjon. Ta dei med å la dei få oppleve gleda av å produsere mat. Gjer dei stolte av å produsere verdens beste lammekjøtt!

Avslutningsinnlegg (pdf. 596 kb)

Foredragshaldarane og møteleiarane
Foredragshaldarane og møteleiarane

Audun Tiller Ingebjør Sørbøen
Fornøyd seminardeltaker, Audun Tiller "Stordrift med sau" Seminaret startet med felespell av Ingebjør Sørbøen