Søk:

Verktøylinje

Fjosåpning på Eidsvoll

(31.03.15) Det var stor interesse da Mina Sjuve og Anders Klaseie inviterte til åpning av det nye sauefjoset deira på Eidsvoll. I den strålande vårsola var det nestan hundre frammøtte.

Av: Tor Gunnarson Homme, spesialrådgiver, bygg for småfe Nortura SA

Fjosåpning
Mina Sjuve og Anders Klaseie var strålande nøgde med åpninga av det nye sauefjoset sitt

Fjoset stod ferdig til innflytting i november 2014 og det er i år kring 130 søyer i hus. Fjoset skal kunne huse heile 300 vinterfôra.

«Det er plass til 300 vinterfôra, men før me kan ha så mange bør me nok ha eit avlastingsareal på plass», fortel Mina.

Anders og Mina har vald eit isolert reisverksbygg med mekanisk ventilasjon og våtgjødsel. I fôrsentralen er det ekstra takhøgde for kjøring med traktor.

Den stilriktige trillebåra vart fylt heilt til randen med gåver
Den stilriktige trillebåra vart fylt heilt til randen med gåver

Fjosåpning
Det var mange som møtte for å sjå på sauefjoset til Mina og Anders.

Enkel mekanisering

Dei har to langsgåande fôrbrett og innreiinga er ei blanding av tre og stål. Dyra kan lett stengast ute frå fôrbrettet under fôring med ein heimelaga patent. Det gjer at det vert vanskelegare for enkeltdyr å få tak i meir fôr enn andre, då særleg med omsyn til kraftfôr. Det vert også lettare å tildele fôr.

Stengemekanisme på fôrbrett
Stengemekanisme på fôrbrett

«Inntil vidare er mekaniseringa av grovfôr kun ein høygaffel og ei trillebår, men det er fullt mogleg å settje inn ei meir mekanisera løysing etter kvart», seier Anders.

Med å bruke mykje tre i innreiinga hjelpar det for å gje eit lunt og roleg innemiljø. Mina og Anders har vald å ha stålgrinder til å skilje mellom bingane som gjev ei fleksibel løysing for inndeling av dyr i grupper.

Fokus på dyreflyt

Det er drivgonger inntil båe ytterveggar og mellom dei to midtre bingane som gjer at alle bingar har utgong til ei drivgong. Det er lett å lage rundgonger i fjoset for å drive dyr effektivt og god plass i båe endar av husdyrrommet for ulik massebehandling av flokken. Restar av plater til veggar viste seg å verte ei enkel og fleksibel grind ut mot drivgang.

Enkel og fleksibel løysing for port mellom midtre bingar og drivgong (se bilde over)

Lammingsavdelinga ligg på tett golv, og har utgong rett til beite utanfor.

Djup kjellar

Gjødselkjellaren er heile 2,2m djup og rommar kring 1000 m3 gjødsel. Her er det tanken å ta imot biorest frå biogassproduksjon. Det gjev ei blaut og næringsrik gjødsel som er lett å spreide på jordene rundt garden.

På heile det drenerande golvet er det plastrister, medan det er strekkmetall i drivgonga i midten.

«Me har vald plastrister for det er eit varmare underlag, samanlikna med strekkmetall», seier Mina som til dagleg arbeidar i Animalia.

Mange frammøtte

Med nesten hundre personar i vårsola var det eit lystig lag som deltok på opninga av det nye sauefjoset. Nortura varta opp med grillmat og det kom folk som hadde reist eit godt stykke for å delta på åpninga.

«God fôring er viktig for både folk og fe», opplysar ein strålande fornøgd fagsjef for småfe i Nortura, Finn Avdem.

Tilførselsleiar i Nortura, Erling Skurdal, var godt nøgd med oppmøtet. «Det er veldig moro å sjå unge, flinke folk som satsar på å drive med sau», smilar han.

Skurdal smilar frå øyre til øyre med så mange som er interessera i sau.
Skurdal smilar frå øyre til øyre med så mange som er interessera i sau.

Grillmeister Finn Avdem passa på at dei tilreisande fekk i seg grillmat frå Gilde
Grillmeister Finn Avdem passa på at dei tilreisande fekk i seg grillmat frå Gilde

Paret fekk denne passande pynta kaka til opninga
Paret fekk denne passande pynta kaka til opninga