Søk:

Verktøylinje

Svebestad ber om avløysing

(14.12.16) Sveinung Svebestad har gjeve valnemnda melding om at han ynskjer avløysing på årsmøtet til våren, etter 9 år som styreleiar i Nortura SA.

Sveinung Svebestad- Det er alltid spanande å starte arbeidet i valnemnda. I år blir det ekstra krevjande når vi også skal innstille på ny styreleiar. Når dette blir offentleg så tidleg i prosessen, er det fordi vi ynskjer at eigarane i Nortura skal få mogelegheit til å kome med innspel til valkomiteen så tidleg som mogeleg, seier leiar i valkomiteen Arne Magnus Aasen.

Svebestad starta fartstida si som tillitsvald i kjøttsamvirket i Agro-Fellesslakteri i 1988. Han kom inn styret i Gilde Norsk Kjøtt frå konserndanninga i 2000, og gjekk inn styret i Nortura etter fusjonen med Prior i 2006. Han vart vald til styreleiar i Nortura i 2008.