God feiring av verdens beste nasjonalrett!

(24.09.24) Ei ny viktig slakteveke, veke 37 (9. - 15. september) er inne i slaktestatistikken. Da slakta Nortura 53 300 lam med medel slaktevekt 20,1 kg, medel klasse R/R+ (8,4) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Slaktevekta var nøyaktig lik fjoråret, men medel klasse låg litt over, sjølv med litt mindre feitt på lamma. Statistikken over viser auka andel både med Gourmet- og Stjernelam. Dette er difor flotte lam å tilby kundane, og Nortura-lamma er populære!

Vi er nett ferdige med den største slakteveka hittil i sesongen. I veke 38 (16. - 22. september) vart det slakta 62 500 lam. Dette er 5 600 fleire lam enn same veke i fjor. Alt av lam går rett ut til industrikundar og eigen industri. 

Slaktsesongen rullar vidare

Torsdag 26. september er jo eit av årets høgdepunkt, fårikålens festdag. Etterspørsel etter lam er difor framleis stor. Det innmeldt 53 000 lam og 2 200 sau, og alle lam som er innmeldt går rett ut. Det er mange som ynskjer å kjøpe testvinnaren fårikålkjøtt frå Gilde!

Testvinnar i Dagbladets fårikåltest, fårikålkjøtt frå Gilde

Statistikk graf Nortura

Graf slaktestastistikk lam i Nortura veke 31 - 37

Statistikk tal Nortura

Statistikk total