Lammesesongen 2026 – Tomme reguleringslager og prisvekst for lam

(30.06.26) Ein ny slaktesesong nærmar seg. Nortura gler seg til å ta imot sau og lam frå 7 800 sauebønder frå heile landet. Det krev god planlegging frå beite til bord.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Når ein skal planlegge, bør ein starte med å sjå attende på fjorårs sesongen. Da er det naturleg å starte med starten av verdikjeda. Nortura-sauebøndene leverte lam med topp slaktekvalitet med 19,2 kg i snitt slaktevekt, 82 % Stjernelam og 61 % Gourmetlam. Ein måtte attende til 2015 for å finne høgare medel slaktevekt. Nortura-sauebøndene leverte lam som i gjennomsnitt var 0,5 kg tyngre enn snittet hjå konkurrentane. Det er vi småferådgjevarane i Nortura ekstra stolte av! På tross av høg vekt var det berre 1,4 % av lamma som fekk trekk på grunn av for mykje feitt.

Nortura kom godt i gang med slakting av 40 000 lam i veke 36 og jamn slakting på mellom 50 og 60 000 lam kvar veke i dei viktige sesongvekene 37-42. God kvalitet og jamn tilførselskurve gjorde at sesongsalet gjekk bra, med 3 % salsauke til daglegvare-kundane. Daglegvare er ein prioritert salskanal i Nortura.

Nortura-sauebøndene var også flinke til å fylgje prissignala på sau. Det aller meste av saueslaktinga gjekk difor føre seg i vekene med effektivitetstillegg. Da kunne fabrikkane ha fullt fokus på lam i dei viktige kampanjevekene i september.

Nortura leverte ein god prisoppgang på lam til sauebøndene. I 2025 gjekk grunnprisen opp med kr 5,45 pr kg og tilleggsytingane med i snitt kr 0,70 pr kg, altså ein samla prisvekst på kr 6,20. Dette måtte konkurrentane strekke seg etter.

Salet etter slaktesesongen har også gått bra. Lagra av skore vare i Nortura er på ynskt nivå, men den beste nyheita er at reguleringslageret er tømt for sau. Dette betyr redusert omsetningsavgift, og at Nortura kan halde stabil pris på sau. Så får vi sjå korleis etterspørselen utviklar seg framover. Ungsauen er det god etterspørsel på, m.a. på grunn av jobben som er gjort av Nortura PROFF. Her er det difor mogleg med eit prisløft på lik linje med lam. Pris forskjellen mellom sau og ung sau blir nå ca kr 13,70 pr kg i årets slaktesesong.

Nortura har auka tilleggsytingane før årets sesong. Dette gjeld kvalitetstillegga, men kvantumstillegget er også auka for den som leverer 8 tonn eller meir med sau og lam til Nortura. Kvalitetstillegga varierer nå gjennom sesongen. Vi har difor vald å presentere prisprognosen side 4 med kvalitetstillegg for at det skal bli lettare å halde oversikt.

Konsernstyret har vedteke auka engrospris på lam både i fyrste og andre halvår 2026. Saman med auka kvalitets tillegg, betyr dette at lam med Gourmet-kvalitet vil ligge frå kr 5,70 til 6,20 over prisen i fjorårssesongen i vekene med mest slakting dersom prisprognosen blir ein realitet. Nortura sørger difor for eit betydeleg prisløft på lam også dette året.

Leveringsvilkår og prisprognose skal stimulere til å levere lam med god kvalitet når det er størst etterspørsel i marknaden. Dette betyr sesongoppstart i august og at ein stor del av utmarksbeitelamma bør koma i den mest intensive salssesongen i september. Sauene ynskjer vi skal kome før- og etter dei største slaktevekene for lam, medan Nortura enda har sesongarbeidskraft på fabrikkane. Ei slik tilførselskurve er viktig for godt sal, effektiv drift på fabrikkane og auka pris til sauebonden.

Da er det berre å brette opp armane for ein ny slakte sesong. Les informasjonen vi har laga og planlegg godt. Hugs å merke sau og lam rett! Da går alt så mykje lettare. 84 % av tilførslane til Nortura kom frå lammeringane i 2025. Felles planlegging i lammeringane er difor også veldig lurt.

Det har vore uvanleg lite snø i mange viktige beiteområde i Sør-Noreg denne vinteren. Kjøleg vår gjer at det likevel ser ut til å bli normalt tidleg beiteslepp. I Nord-Noreg var det veldig tidleg vår, før vinteren returnerte. Så kom ein rekordvarm forsommar. Alt dette spelar inn på beitekvalitet, tilvekst, slaktekvalitet og tilførselskurve. Det er det som gjer det så spanande å jobbe med sau og lam!

Lykke til med slaktesesongen 2026 i samarbeid med Nortura!

Sign.

Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura

 

Informasjonsheftet «Lammesesongen 2026»

Informasjonsheftet i pdf. (7 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen.

Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.