Vektgrenser som betyr mykje for prisen

Lammesesongen:

(Oppdatert 19.08.26) Nokre vektgrenser fører til store pris- og tilskotshopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Nortura har ulike vektkrav til lam som skal brukast til for eksempel pinnekjøtt og lammesteik. Dette må ein ta omsyn til når ein skal sette rett engrospris til kundane som kjøper heile slakt. Slaktekostnadene pr. kg er også høgare når ein slaktar lette lam i forhold til tyngre lam. Dette må ein ta omsyn til når ein bereknar rett avrekningspris til bonden.

Det er også vektkrav i tillegg til klasse og feitt-krav for å få Stjerne- og Gourmetlam-tillegg i Nortura. Staten har også vektkrav for utbetaling av grunn- og kvalitetstilskot. Nedanfor finn du dei viktigaste vektgrensene og kva som skjer med pris, tilleggsytingar og tilskot når du passerer vektgrensa:

Vektgrense Endring i pris, tilleggsytingar slakt lam og tilskot
9,1 kg + kr 8,00 pr kg pga lågare slaktekostnader
11,0 kg + kr 334 pr lam dersom lammet også held klasse O+ eller betre i kvalitetstilskot
11,1 kg + kr 12,50 pr kg pga høgare engrospris og lågare slaktekostnader
13,0 kg + kr 5,60 til kr 6,60 pr kg fordi lammet får utbetalt grunntilskot
15,1 kg + kr 5,10 pr kg på grunn av lågare slaktekostnader og høgare engrospris + kr 2,50-5,00 pr kg i Stjernelam-tillegg dersom feitt- og klassekrav også er oppfylte + kr 380 pr lam dersom lammet også held klasse O+ eller betre i kvalitetstilskot (til saman kr 714 pr lam)
16,1 kg + kr 4,00-8,00 pr kg i Gourmetlam-tillegg dersom feitt-, dato- og klassekrav er oppfylte
18,1 kg + kr 1,20 pr kg pga høgare engrospris og lågare slaktekostnader

Frå nyttår 2027 vil kvalitetstilskotet for lam klasse O+ og betre, 11 kg til og med 15,0 kg, auke til kr 434 pr lam. For lam klasse O+ og betre, 15,1 kg og meir vil kvalitetstilskotet auke til kr 939 pr lam.
For å berekne kva levandevekt lamma må ha for å nå ei viktig vektgrense, må ein ta vektgrensa og dele på sannsynleg slakteprosent (andel slaktevekt av levandevekt). Slakteprosenten varierer med kjøttfylde og kjøttfylden varierer mellom anna med rase. Sauekontrollen reknar ut slakteprosent for alle lam som er vege maks 3 dagar før slakting. Her er berekna slakteprosent for fire vanlege norske sauerasar.

Rase Slakteprosent Tal slakt bak utrekninga
Norsk kvit sau 46 61 304
Kvit- og farga spælsau 42 12 129
Gammelnorsk spælsau 41 2 254

Eksempel: Du har spælsau og lurer på kva levandevekta minst bør vera for å greie 18,1 kg slaktevekt. Reknestykket blir da slik: 18,1 kg/0,42 = 43,1 kg. I tillegg må ein ta omsyn til at lite fôr i vomma gjev høg slakteprosent og at søyelamma ofte har litt høgare slakteprosent enn vêrlamma. Det er flinke produsentar med gode dyr som er nøye med å vega lamma før slakting. Medel slakteprosent i Sauekontrollen kan difor vera litt høgare enn det som er vanleg.