Nå kan du gå inn å sjekke ROS på Min Side!

(06.02.20) Vi har nå lansert elektronisk ResultatOversiktSlaktedata (ROS) på "Min side". Alle som leverer 15 lam eller meir til Nortura i løpet av eit år, får berekna ROS. Slik går du fram for å sjekke resultata dine:

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Logg inn på "Min side" og klikk på "Rapporter", da vil du få fram Rapport-menyen. Klikk menyvalget "ROS lam".

Visning Min side

Da vil du få henta fram ROS-resultata dine for 2019. Her kan du også enkelt hente fram ROS-resultata dine heilt attende til 2016, for å sjå korleis utviklinga har vore.

Ved å klikke på "Informasjon om ROS lam", så får du tips og råd om korleis du kan påverke ROS-resultata og informasjon om korleis resultata er utrekna.

Visning Min side


Beste og dårligst betalte lam

Visning Min side


ROS-sirkelen
Ved å trykke på "I" bak "ROS Sirkel", så får du opp informasjon om korleis du skal tolke sirkelen.

  • Grønne streker = Middel i Nortura  
  • Blå streker = 25 % beste i Nortura
  • Raude streker = Eige Resultat

Ved å peike på aksane med musepeikaren, så får du fram eige resultat, resultat for middel i Nortura og 25 % beste i Nortura i tall.

Visning Min side

Vi håpar at du likar den elektroniske versjonen av ROS.

Lykke til med å bli ein enda flinkare sauebonde med ResultatOversiktSlaktedata.

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes