Anne-Lise Haugdahl Humstad til topps i NM i saueklypping

(10.10.18) Anne-Lise Haugdahl Humstad 28 år, frå Åfjord i Trøndelag vart årets norgesmeister i saueklypping under NM som vart arrangert i Kvam i Gudbrandsdalen 6. og 7. oktober. Anne Lise er både fyrste kvinne og trønder som får denne gjeve tittelen. Vi vart difor nysgjerrig på denne dama og tok ein liten telefonprat. 

Pallen i NM i saueklypping
Pallen i NM i saueklypping: Nr 1. Anne-Lise Haugdahl Humstad, nr 2. Lars Sønstevoldhaugen, nr 3. Sindre Myhrsveen. Til høgre for pallen står Åsmund Kringeland som vart nr 4 i NM og til venstre for pallen står ordførar i Nord Fron, Rune Røstad (Foto: Ken Lund NSG)

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Kvifor starta du opp med saueklypping?

Eg kjem frå eit mjølkeproduksjonsbruk og hadde ingen erfaring med sau. Eg vart likevel med på eit NSG-kurs i saueklypping på Øya vgs med Randi og Tor-Arne Lund som instruktørar. Desse to var veldig flinke og inspirerande, og fortalde meg at eg burde satse vidare som saueklyppar.

På denne tida starta Eirik Kolbjørnshus i Nortura opp Nortura klyppeteam som består av både ferske og erfarne saueklypparar. Nortura klyppeteam tek på seg oppdrag for Nortura-sauebonden.

Gjennom klyppeteamet kom eg inn i eit miljø der ein kunne hente gode tips og råd, vera med på kurs og utveksle erfaring. Marknadsføringa gjorde også at det vart fleire klyppeoppdrag, noko ein er avhengig av om ein skal utvikle seg som saueklyppar.  

Kvifor gjekk du til topps i NM?

Eg var ikkje den raskaste klypparen, men tok det att på kvalitet. Det betyr at eg hadde lite dobbeltklypp, behandla sauen fint og at det var lite ull att etter klyppinga. Det er eg stolt over! Dette er ting eg legg vekt på også når eg er rundt og klypper på bygda. 

Kor mykje sau må ein klyppe for å bli så god som du?

Siste året har eg klypt ca 16-17 000 dyr i Noreg, New Zealand og Skottland. Ca 8-10 000 av desse er klyppeoppdrag rundt omkring i norske sauefjøs. 

Er ikkje dette eit tøft yrke?

Det er det, og det er ekstra tøft i Noreg fordi vi har så stor og tung sau. Eit stort lam i Noreg veg like mykje som ein vaksen sau i andre land… Da er det viktig og ha teknikken i orden!

Korleis ser du på framtida som saueklyppar?

I tillegg til å fortsetje som saueklyppar, skal eg sertifisere meg som kursinstruktør og vera med å bidra at norske sauebønder kan få tak i kompetent arbeidskraft når dei bestiller klypping av sauen sin!

Vi gratulerer Anne-Lise med NM-gullet!

På 2. plass kom Lars Sønstevoldhaugen som også er ein av klypparane i Nortura Klyppeteam. På 3. plass kom Sindre Myhrsveen og på 4. Åsmund Kringeland.