Søk:

Verktøylinje

Lammesesongen 2017

Buskerud på Stjernelam-toppen sesongen 2017

(21.12.17) Da har vi inne slaktestatistikk for dei fem siste vekene av årets lammeslakting, vekene 45 t.o.m. 50 (6. november - 17. desember).

Fra beitesesongenAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I desse vekene slakta Nortura  50 000 lam med medel slaktevekt 16,9 kg, medel feittgruppe 5,8 (2+/2) og medel klasse R/R- (7,6). Dette er 18 500 fleire lam enn i dei same vekene i 2016.

Den store slaktinga mot slutten av sesongen gjer at vi nå har passert fjorårssesongen med stor margin i tal lam, men på grunn av vektnedgangen på 0,6 kg per lam, ligg vi framleis under med 155 tonn i kg lam.

Klassen held seg veldig godt oppe, og er på nivå med fjoråret.

Årets lammesesong har difor produsert litt lette, men fine og kjøttfulle lam! Eg har sagt det før, men eg seier det igjen: Nortura sauebonden er god til å sluttfôre og plukkslakte lam!

Slaktestatistikken til Animalia viser aukande forskjell i klasse mellom Nortura-sauebøndene og sauebønder som leverer til andre slakteri.

Buskerud vart årets vinner av Stjernelam-toppen sesongen 2017 med 83,2 % Stjernelam. Rett bak fylgjer Troms og Vest-Agder på dei to neste pallplassane. Vi gratulerer!

Vi har også hatt ein stor saueslakting denne sesongen. Heile 36 500 fleire sau er slakta i år mot i fjor. Dette er 2500 fleire enn vi slakta i både januar og februar i år. Det tyder difor på at alle har fått med seg at det ikkje er teljing 1. januar i 2018. Saueslaktinga etter nyttår vil difor avgrense seg til sau som er ultralydmålte til å vera tomme. Stor både saue- og lammeslakting  tyder også på at mange har fylgd oppfordringa om å setje på nokre færre søyer til neste års sesong. Svar på dette får vi når vi får resultat av teljinga 1. mars.

I 2017 har Nortura seld 15 % eller 1 011 tonn meir lam enn i 2016  og 8 % eller 132 tonn meir sau. Dette er alt sal i Nortura utanom heilt slakt sal til industrikundar. Det betyr at vi går inn i 2018 med  875 tonn mindre lam på reguleringslager enn vi gjorde ved inngangen av 2017.

Når det gjeld sau, er lageret 543 tonn høgare. Dette tilsvarar vel 18 000 saueslakt. I tillegg har Nortura også store lager av stykka sau og lam. Likevel, når ein veit at vi har slakta 36 000 fleire sau i årets sesong enn i fjor, så er dette også eit betre utgangspunkt. Jobben blir å finne norske kjøparar til det meste av dette fram til ny lammesesong. Vi har lært at eksport er utfordrande! Nortura sine seljarar i daglegvare- og storkjøkken-marknaden er difor i gang med innsal av både etablerte og nye produkt av både sau og lam som vi håpar blir å finne i fryse- og kjølediskar framover.

Og på Nobelmiddagen leverte Nortura PROFF Lam ytrefilet frå Trollheimen til hovudrett, så da reknar vi med at det sikra oss seg nye leveransar til både slottet og resten av Nobel-fiffen!

Da er Lammesesongen 2017 snart historie. Nortura-sauebonden har nok ein gong klart å levere lam med god slaktekvalitet til tross for krevjande produksjonsforhold dette året. Nortura har hatt rekordhøg slakting på slakteria våre, både på grunn av høg lammeslakting, men også på grunn av endra teljedato for sau. Dette har vi greidd å avvikle med minimalt med skyving. Salet kunne vi ynskt oss enda betre, men 15 % salsauke i sum for 2017 er eit resultat som gjer at vi har lagt grunnlaget for ein betra marknadssituasjon for sau og lam.

Statistikk

Graf

 

» Oversikt veke 27 - 50, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 45, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 43, pdf. 39 kb

» Oversikt veke 27 - 41, pdf. 39 kb

» Oversikt veke 27 - 40, pdf. 39 kb

» Oversikt veke 27 - 39, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 38, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 37, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 36, pdf. 39 kb

» Oversikt veke 27 - 35, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 34, pdf. 38 kb


 


 

Statistikk frå Animalia   www.animalia.no