Veke 37 sesongens største slakteveke (?) med 88 % Stjernelamandel

(21.09.18) Da har vi inne slaktestatistikk for det som kan bli sesongens største slakteveke når det gjeld slakting av lam. I veke 37 (10. - 16. september) slakta Nortura 75 100 lam med medel slaktevekt 20,1 kg.

Bilete frå Kari Mørkve JordalenAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dette er heile 0,6 kg over tilsvarande veke i 2017.

Medel klasse var 8,4 (R/R+) og medel feittgruppe 5,8 (2+/2), med andre ord veldig flotte kvalitetslam. 88 % av lamma fekk Stjernelam-tillegg i veke 37.

Nortura greidde å få alt ferskt ut i marknaden. Det er bra for totalsalet at vi har nok lam å tilby i desse viktige salsvekene i september.

Denne veka, veke 38 (17. - 23. september), ser også ut til å bli ei bra slakteveke, ca 70 000 lam ligg vi an til å slakte denne veka. Det går for fullt med produksjon av råstoff til nasjonalretten fårikål.

Torsdag 27. september er fårikålens festdag. Det er berre å handle inn poteter, kål, salt, pepar, god drikke og fårikålkjøtt frå Gilde. Be inn gode vener og kos dykk med kvalitetsmat produsert på norsk natur. Vi har nok varer å tilby så sant kjedene greier å få det fram i butikken. Få inspirasjon frå grasrotbevegelsen Fårikålens vener

Neste veke er siste veka i september. Da er det innmeldt ca 67 000 lam. Det ser difor ut som slaktinga er litt på veg nedover nå. Etterspørselen går også dessverre litt ned når vi rundar oktober. Vi har difor likevel god marknadsdekning på 114 %, og det kan bli litt innfrysing av lam i neste veke.

Vi står på vidare for at innfrysinga skal bli lågast mogleg.

Statistikk


» Oversikt veke 27 - 37, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 36, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 35, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 34, pdf. 35 kb

» Oversikt veke 27 - 33, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 32, pdf. 38 kb

 


 

Statistikk frå Animalia