God kvalitet på vinterlamma

(12.03.21) – I årets to fyrste månader har Nortura slakta 11 650 lam, det er ca same mengde som vi slakta i same periode i 2020. Kvaliteten er veldig god med snitt slaktevekt på 19,6 kg og 83,7 % av lamma fekk Stjernelam-tillegg. Dette er ein auke på 7,6 % i høve til fjoråret, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

– Med andre ord; Nortura-sauebonden produserer kvalitetslam året rundt!

I same periode har Nortura slakta 2 300 sau. Dette er ein auke på ca 400 stk i forhold til fjoråret. Godt sal gjer at alt som er slakta etter nyttår har gått rett til eiga skjering eller til industrikundane. I fjor på same tid var det innfrysing på reguleringslager kvar veke.

Mars er ein forholdsvis store slaktemånad på sau og lam på grunn av slakting ein del dyr som sauebonden har "spart" til etter teljedatoen 1. mars.

Vi har nå oversikt over dei to fyrste vekene av mars. Her ser Nortura ut til å slakta vel 13 000 sau/lam. Vi har kjøparar på alt som blir slakta. I fjor vart det lagt inn ca 9000 lam på reguleringslager denne månaden. Dette viser at vi har god etterspørsel på både sau og lam for tida, seier Finn Avdem.

Hverdagslam går godt

Hverdagslam kjøttdeig er ein klar salsvinnar, men kotelettar, strimlar og grytekjøtt sel også veldig bra. Salet av Gourmetlam går også bra.

Halal-lam til våre nye landsmenn er også ein viktig salskanal for Nortura mellom sesongane. Det er Noridane som leverer Halal-lam for Nortura, og dei melder om godt sal, seier Avdem.

Nå står påska for døra. Nortura er godt førebudd med tilbod av lammelår og utbeina lammesteik i alle variantar. I tillegg vil jo både Gourmet- og Hverdagslam vera tilgjengeleg også i påska, og komplettere tilbodet vårt av lam. Innsalet ser lovande ut. 

Tomt reguleringslager

Ved utgangen av februar er reguleringslageret tomt for lam.

– Det betyr ikkje at det er tomt for lam på lager, men det er kjøpt ut av Nortura og industrien for å vera leveringsdyktig fram til ny slaktesesong. Dette er positive signal for marknadsbalansen på lam og prisutsiktene til sauebonden, avsluttar Avdem.

 

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes