Har du nok kvalitetsgrovfôr til søyene du har sett på i vinter?

(27.09.18) Tine, Nortura og Felleskjøpet Agri (FKA) tok saman initiativ til å kjøpe 30 000 rundballar surfôr frå Island som eit av fleire tiltak under tørkeperioden i sommar, for å kunne oppretthalde husdyrproduksjonen.

Fôring sau

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Fyrste båt med 5 100 rundballar har alt kome til Noreg, og i løpet av ca to månader vil det kome ytterlegare fem båtlastar med grovfôr frå Island.

Grovfôret har høgt energiinnhald, ca 0,9 FEm/kg tørrstoff. FKA forventar ca 275-350 kg tørrstoff per rundball. Prisen per rundball er 1730,- + MVA inkludert frakt til sluttbrukar. Ein føresetnad for denne prisen er levering av fullt vogntog (40-42 rundballar), og at kjøpar må losse av ved levering på garden. Naboar kan samarbeide om å kjøpe eit vogntog, og FKA kan splitte fakturaen. Lossing må skje på ei leveringsadresse. 

I tida rundt lamming til beiteslepp er sauebonden avhengig av appetittfôring med energi- og proteinrikt grovfôr for at søya skal produsere godt. Prisen per FEm av det Islandske fôret blir høg. Likevel betaler sauen så godt for god fôring i denne perioden, at det er høgst aktuelt å gå til innkjøp av nokre rundballar av Islandsfôret dersom du har for lite eigeprodusert kvalitetsgrovfôr. 

Island er eit av landa som Mattilsynet tilrår import frå, for å redusere risikoen for å få inn husdyrsjukdomar og uynskte planter med importen. Kvar enkelt seljar er også kontrollert i høve dyrehelse på garden eller i området. 

Bestilling skjer på Felleskjøpet Agri sin Kundeteneste tlf. 72505050, eller via "Min gård" på www.felleskjopet.no

Lykke til med resten av slaktesesongen og ein ny innefôringssesong!