Har du planar om å levere dielam til Nortura?
(25.05.23) Frå fyrstkomande måndag 29. mai går avrekningsprisen på lam opp med kr 4 pr kg.

På Medlemsportalen under «Slakteplan» finn du ein plan for når dei ulike småfe-slakteria skal slakte småfe fram til sommarferien. Hugs at dielamma bør oppnå ei slaktevekt over 13 kg slik at dei får utbetalt grunntilskotet på kr 4,80 pr kg.
Eit dielam har ikkje utvikla drøvtyggjar magen og slakteprosenten er difor høg, ofte rundt 50. Eit dielam bør difor vega minst 27 kg før slakting.
For den som har muligheit, vil vi tilrå kraftfôr- eller beitebasert oppdrett av overskotslamma, med slakting tidleg i den ordinære slaktesesongen. Dette gjev den beste økonomien for bonden samstundes marknaden får tilført lam i den viktige oppstarten av salssesongen.