Søk:

Verktøylinje

Heimgjort er velgjort, rimeleg og praktisk

(Sist endra 16.04.18) Jon Håvard Hågå er ein praktisk og nevenyttig sauebonde frå Lesja i Gudbrandsdalen. Vi var innom for ein saueprat i slutten av mai i fjor. Da var søyene ute på vårbeite, men Jon Håvard viste fram nokre heimlaga praktiske hjelpemidlar som har gjort livet som sauebonde på Hågå litt enklare, utan at det har kosta all verden.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I 2013 bygde han om fjøset frå mjølkeproduksjon til sauefjøs på grunn av allergi mot storfe. I åra som sauebonde har han erfart kor viktig det er at søyene er i god form og har høve til å bevege seg, spesielt med tanke på å førebygge lammingsvanskar og mjølkefeber. Han sørger difor for at alle søyene er ute på ein luftetur nesten dagleg.

Søyene ynskjer både å komme ut om morgonen og inn på kvelden. Luftinga forlenger difor ikkje fjøsstellet veldig mykje.

Han ynskjer også å få sauen raskt ut etter lamminga, slik at det ikkje blir for fullt inne. Han har difor laga eit område bak og ved sida av fjøset som blir brukt til lufting om vinteren og til ekstra areal om våren til ferdiglamma sau. Her er det lagt til rette for full fôring med både grovfôr og kraftfôr.

Rundballehekk

Jon Håvard har snekra seg rundballehekker på 2,0 x 2,20 m. Høgde frå bakke til eteopning er ca 0,55 m, og frå bakke til botn på hekken ca 0,40 m. Eteopning er 0,26 m og heile hekken er 1,10 m høg.

Rundballehekk med eteopning Rundballehekk med eteopning

Hekken er sett saman med lange spiker vanleg 2" plank og 1" bord. Det er eteopning på tre sider. Sida som ikkje har eteopning blir sett mot eit gjerde.

Her er da enkelt å komme til med traktor for å etterfylle med rundball.

Når søyene har ete tomt, må han opp i hekken og gafle nytt fôr til søyene. Søyene får da friskt fôr heile tida.

Hekkene blir også brukt til kraftfôr slik at alle søyene har sin eigen kraftfôrplass.  

Kraftfôrkrybbe ute

Han har også laga kraftfôrkrybbe der det er mogleg å gje kraftfôr utan at røktaren blir trakka ned.

Det er ca 0,50 m frå bakken og opp til kraftfôrkrybba. Lamma kjem da under krybba og blir ikkje klemt eller trakka ned av kraftfôrhungrige søyer.  

Eigne grinder av tre Eigne grinder av tre Eigne grinder av tre


Jon Håvard har kjøpt innreiing frå Knarrhult. Grindene til Knarrhult synes han er unødvendig høge å klatre over. Han har difor snekra eigne grinder av tre, der han har skrudd på slangebitar som er kutta på skrå, slik at det er mogleg å få skrudd slangebitane fast på tregrindene.

Grindene kan bli brukt saman med Knarrhult sine feste-teiner og fester eller ein kan lage eigne fester av tre og skråkutta slangebitar.

Grindene til Jon Håvard er ca 0,75 m høge og 1,90 m lange, tilpassa bingebredda han har i fjøset.