Mindre lammeslakting mot slutten av lammesesongen

(30.11.18) Da har vi inne slaktestatistikk for veke 46 og 47 (12. - 25. november). I desse vekene slakta Nortura 27 700 lam, 1500 færre enn i same vekene i 2017.

Bilete frå Kari Mørkve JordalenAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Medel vekt i desse vekene var 16,6 kg, medel klasse 7,3 (R-/R), medel feittgruppe 5,6 (2+/2).  

Hittil i sesongen ligg vi nå på nivå med fjoråret i tal lam, men vektauken gjer at vi har slakta 367 tonn meir lam.

Andelen Stjernelam held seg oppe på nesten 80%. Det er bra! Det er omtrent dødt løp mellom Agderfylka når det gjeld kampen om Stjernelam-toppen sesongen 2018, men mange sterke sauefylke ligg rett bak!  

Veke 47 var siste veka med litt betre sauepris enn det som er vanleg nå for tida. Vi ser ei auka saueslakting på 1,4 % i forhold til i fjor, med ein auke på heile 13,1 % i Region Aust. Dette talet er nok sterkt prega av tørken i sommar og at mange reduserer og kanskje også sluttar med sau.

Den siste prognosen for 2019 spår ein produksjonsnedgang på 9 % i 2019.

Lågare omsetningsavgift etter nyttår er eit fyrste signal om at marknadsbalansen byrjar å betre.

Så ein gladsak til slutt. Det blei terningkast 6 på Gilde Økologisk Pinnekjøt, og terningkast 5 på Gilde Pinnekjøt 1 kgs posar i VG store pinnekjøttest i dag!

Statistikk

Graf


» Oversikt veke 27 - 47, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 45, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 41, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 39, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 38, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 37, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 36, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 35, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 34, pdf. 35 kb

» Oversikt veke 27 - 33, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 32, pdf. 38 kb

 


 

Statistikk frå Animalia