Nedgang i sal gjer at Nortura avviklar sommarlam-varestraumen i 2019

(17.01.19) Nortura har i ein del år hatt ein varestraum basert på intensivt fôra overskotslam, vi har kalla produktet "Sommerlam". Nedgang i sal gjer at vi avviklar denne varestraumen. 

Gilde Sommerlam

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Desse lamma blir fôra med mjølkeerstatning, kraftfôr og grovfôr heilt fram til slakting ved ca 6-7 vekers alder og ca 12 -13 kg`s slaktevekt. Kundane på sommarlam er butikkar med ferksvaredisk som kjøper heile lam, og REMA som har kjøpt stykka og pakka sommarlam. 

Salet av sommarlam gjekk sterkt ned i fjor. For heile sommarlam gjekk salet ned med 20% og for stykka og pakka sommarlam vart salet halvert. Nortura har prøvd å få kjedene med på forpliktande avtaler om sal av sommarlam. Dette er krevjande da sommarlamma konkurrerer med andre gode grillprodukt til ein langt lågare pris. Vi har difor ikkje lykkast med dette. Konklusjonen blir difor at vi avviklar Sommarlam-varestraumen. Nortura har behov for desse lamma som ordinære slaktelam tidleg i sesongen. 

Dersom nokon ynskjer å slakte dielam til ordinære prisar og vilkår, så tek Nortura sjølvsagt imot dei. Det er framleis ein liten marknad for heile dielam i butikkar med ferskvaredisk. 

Mange sommarlam-produsentar må difor tenkje nytt når det gjeld overskotslamma i år. Som hjelp til planlegginga, har vi oppdatert ein fagartikkel om korleis ein produserer ordinære slaktelam av overskotslam.