Nye rådgjevarar på småfe i Nortura

(22.09.22) Innlandet har fått to nye rådgjevarar på småfe. Arild Fallingen er tilsett som vikar for Eirin Sveahaugen, og Knut Evensen i 50 % stilling i Midt- og Sør-Gudbrandsdalen.

Arild Fallingen

Arild Fallingen er tilsett som vikar for Eirin Sveahaugen som er ute i fødselspermisjon. Han er rådgjevar i Nord-Gudbrandsdalen på småfe og i tillegg har han storfe i Ottadalen.

Arild driv gard i Skjåk saman med kona Mona. Han hadde mjølkeku fram til 2015. Mjølkekua er nå bytta ut med kjøttfe, pelssau og boergeit. Arild er utmarksentusiast og starta opp med setring i 2006 i Finndalen, og har bygd nytt seterfjøs der.

Han er interessert i avl og har vore aktiv avlsbesetning på Tiroler sidan 2005. Arild og Mona er også aktivt med i avlsarbeidet for Dølahest. I tillegg til å vera ein ivrig husdyrmann, har Arild erfaring med bygging av driftsbygningar av ulike slag.

Knut Evensen

Knut Evensen er tilsett i 50 % stilling som småferådgjevar i Midt- og Sør-Gudbrandsdalen og delvis Vest-Oppland.

Knut er også bonde med både spælsau og Hereford kjøttfe. Knut har lang erfaring som rådgjevar, fyrst i Nortura, så i Fjøssystemer og han er nå er attende i Nortura. I tillegg til gard og jobb brukar Knut tida på gjetarhund og jakt.

– Arild og Knut er erfarne, allsidige rådgjevarar vi er glade for å få med på Nortura-laget, seier fagsjef for småfe i Nortura, Finn Avdem.