Søk:

Verktøylinje

Nytt temahefte – Fôring av sau og lam

(14.05.18) Livskraftige lam med god fødselsvekt og søyer med mykje opplagsnæring å mjølke av etter lamming, er målet med god vinterfôring. Alderen på søya, holdet ho er i, talet på foster, og om ho er i låg- eller høgdrektigheits- eller mjølkeperioden avgjer fôringa.

BildeSøyer med likt fôrbehov bør difor bli sett i same bingen og fôra saman. I det nye temaheftet finn du opplysningar om fôrbehov og sannsynleg grovfôropptak for sau gjennom vinteren. Du finn også tips og råd om praktisk fôring og holdvurdering av sau som er fasiten på om du fôrar rett.

Vil du veta meir om fôring av sau er det mykje godt fagstoff i fagbiblioteket. Du kan også kontakte rådgjevarane til Nortura.

Logg inn for å lese temaheftet

Er du innlogga følg lenka