Pass på temperatur i egglageret

(09.11.20) Målt temperatur i rommet bør ligge mellom 8 og 12 grader for å unngå kondens og fuktige egg ved overgang til eggbil og pakkeri.

Palle med egg

Det er museår i år også!
Skadedyr spreiar smitte samt øydelegg hus og inventar. Sørg for god nedkjemping og tetting av hus – Pass spesielt på at mus ikkje kjem inn i pakkerom og kjølerom der det oppbevarast egg og emballasje.

Pass på temperatur i kjølerom
Målt temperatur i rommet bør ligge mellom 8 og 12 grader for å unngå kondens og fuktige egg ved overgang til eggbil og pakkeri. Sjekk spesielt temperatur langs golvet og mot port/døra ut. Det er målt temperaturar mot 0 grader og observert frosne egg nederst i pallen. Ein liten vifteomn hjelper med å halde stabil temperatur og sirkulere lufta. Det er også lurt å legge isolasjon framfor ytterdør/port.

Følg med på temperatur (også nattetemperatur) i hønsehuset
Ta tilleggsmåling på temperatur i "gjødselenden" nær golvet. Ujamn temperatur fører til ujamn fordeling av flokken. Isoler vifte i endeveggen godt og sørg for god tetting av dører/luker ut. Det er betre å ha litt kjøligare i huset enn å skru ventilasjonen til absolutt minimum. I kuldeperiodar vil klimastyring uansett vere krevjande. Absolutt beste løysing er bruk av tilleggsvarme.

Og til slutt, men ikkje minst viktig
Tenk på eggsjåføren! Husk å strø gardsveg og gardsplass og halde eggrampe fri for is når "holkeføre "startar. Og så plutseleg "snør det mye mer enn før … "!

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes