Søk:

Verktøylinje

Pris- og grunntilskotsendring på sau, lam og vêr etter nyttår

(16.11.17) Konsernstyret har gjort vedtak om uendra engrospris på lam i fyrste halvår 2018. På grunn av prisnedtrappinga gjennom sesongen, kan ein justere opp engrosprisen etter nyttår for å koma ut med uendra engrospris. Grunntilskotssatsen blir også auka i februar.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Pris- og grunntilskotsendring på lam etter nyttår

Dato

Veke nr

Årsak til endring

Endring

1. januar

1

Auka engrospris

+ kr 2,00

15. januar

3

Auka engrospris

+ kr 1,50

5. februar

6

Auka grunntilskot

+ kr 0,90


For sau var det ein engrosprisoppgang etter at den mest hektiske lammesesongen var over, for å stimulere til slakting av sau medan det enda var sesongarbeidarar på slakteria våre. Her er det difor nødvendig med ein liten engrosprisnedgang for å kome ut med uendra engrospris. Grunntilskotet blir også auka i februar.

Pris- og grunntilskotsendring på sau etter nyttår

Dato

Veke nr

Årsak til endring

Endring

1. januar

1

Nedgang i engrospris

- kr 1,00

5. februar

6

Auka grunntilskot

+ kr 1,00


For vêr blir det ein grunntilskotsoppgang på kr 5,- frå 26. februar (veke 9).


Sjå også Prisløyper 1. halvår 2018 og Siste prisendring og prisprognose småfe for info.