ROS-analysen klar

(08.02.18) Alle som leverte minst 15 lam til Nortura i 2017 får i desse dagar ROS-analysen (Resultat Oversikt Slaktedata). Det er 7 555 Nortura-sauebønder som får ROS-analysen for 2017. Dette er 117 fleire enn i 2016.

Finn AvdemROS-analysen er ei attendemelding på slaktekvaliteten på lamma du leverte i fjor på grunnlag av slaktedata som ligg inne.

– God slaktekvalitet er spesielt viktig når vi skal auke salet. Du får høve til å samanlikne deg med middelet av alle medlemmer i Nortura og dei 25 % beste, seier fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem.

Du får også samanlikna deg med middelet i eigen landsdel.

– Den viktigaste samanlikninga gjer du med deg sjølv, ta difor fram ROS-blankettane for dei siste åra og sjå på utviklinga når det gjeld slaktekvaliteten på lam.

– Set deg kvalitetsmål for 2018 og legg ein plan for korleis du skal nå måla, gjerne saman med ein rådgjevar frå Nortura, seier Avdem.