Saueprisen opp i snitt kr 8 pr kg

(07.05.21) Etterspørselen etter sau av god kvalitet er svært god for tida. All sau som vart slakta i fjorårets slaktesesong og hittil i år har gått rett til eiga skjering eller blitt kjøpt av industrikundane. Dette gjev grunnlag for å ta ut betre pris til sauebonden.

Illustrasjonsbilde økt sauepris

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Nortura Totalmarked melder difor at frå måndag 17. mai 2021 aukar engrosprisen for alle klasser av sau og ung sau. 

Auken er i gjennomsnitt ca. 8 kr/kg. Generelt går prisen mest opp på dei beste klassene. Samstundes er prisane harmonert slik at prisdifferansen mellom sau og ung sau er lik for alle klasser.

Prisen auka også med ca kr 4,50 frå nyttår.

Det betyr at ein R sau blir blir avrekna med kr 15,80 pr kg etter denne siste engrosprisoppgangen.

Når Nortura aukar saueprisen, reknar vi med at dei andre slakteria også fylgjer opp.