Saueslepp i Østfold

(16.05.18) Sauen er ikkje berre fjellets slåttekar, han er også ravinebeitenes slåttekar. Rune Sandklev er økologisk Nortura-sauebonde i Østfold, med ca 115 vinterfôra sau.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Sommarbeita til Rune består av fleire ravinebeiter rundt omkring i Indre Østfold. Dette er beite som raskt ville grodd ned med kratt og skog om ikkje sauene til Rune hadde beita der. Produksjonen Rune får til på desse beita er veldig bra, og vi tok ein tur for få høyre meir om korleis han får til dette. 

I 2017 leverte Rune 164 slaktelam med medel slaktedato 23. august, medel slaktevekt 21,4 kg. I tillegg vart 31 lam seld til liv. Medel lammedato var 6. april.

Sauekontrollen viser at han oppnådde ein tilvekst på 332 g/dag frå vårvekt til haustvekt i 2017. Han tok også frå få overskotslam, slik at kvar vaksen søye i snitt gjekk med 2,2 lam og kvar åring gjekk i snitt med 1,4 lam i 2017. Dette gjev ein korrigert avdrått ved 145 dagar på over 100 kg per søye.

Nortura rådgjevarane Finn Avdem og Erling Skurdal tok med oss beiteekspert Yngve Rekdal frå Nibio til Østfold den 11. mai, dagen etter beiteslepp, for å høyre litt om korleis Rune får til så god produksjon på så marginale beite.

Søyer i godt hold
Søyene må vera i godt hold når dei blir sleppte på beite. Søya mjølker så lengje ho har noko feittreserver å tære på. Skulle det bli ei tørkeperiode med knapt med beite, vil difor ikkje tilveksten stoppe fordi søyene har feittreserver å tære på.

Søyene skal vera i godt hold når dei blir sleppt på beite
Søyene skal vera i godt hold når dei blir sleppt på beite.

Tidleg beiteslepp
Eit viktig tips er å sleppe sauen så tidleg at dei greier å halde tritt med tilveksten på beitet. Elles blir beitet fort gamalt og overvokse og fôrverdien fell.

Beite Beitebilde

Sauen vart sleppt litt for seint i år på grunn av at våren eksploderte i Østfold når han fyrst kom. Den nordvendte sida av ravina til høgre burde vore heilt grå når sauen vart sleppt, slik at sauen kunne beita den sørvende grøne sida fyrst.

Parasittbehandling
Ein må ha eit gjennomtenkt regime for parasittbehandling. Rune behandlar både søyer og lam i månadsskiftet mai/juni. I fyrste halvdel av juli blir lamma behandla etter behov.

Rett beitetrykk, ly og vatn
Rune har ein grov, enkel regel på kva som er rett tal sau på ravinebeita sine. Han reknar eit dekar ravinebeite per "sauekjeft", dvs tre dekar per søye med to lam. På beitet må det også vera litt skog som gir skygge på varme soldagar og ly for ruskevær.

Ravinebeite må ha litt skog som gjev ly og ein bekk i botn som gjev vatn. Flott kulturlanskap laga av sauen til Rune.
Ravinebeite må ha litt skog som gjev ly og ein bekk i botn som gjev vatn. Flott kulturlanskap laga av sauen til Rune.

Grovt mål på kor mykje beite ein treng er 1 dekar per "sauekjeft"
Grovt mål på kor mykje beite ein treng er 1 dekar per "sauekjeft".

Tidleg avvenning midt i august
Ca 15. august blir alle lam teken frå søyene og frakta heim til garden. Da er ikkje ravinebeita lenger gode nok til å gje god tilvekst på lamma. Slaktemogne lam blir sendt til Nortura, livlam og lam som skal sluttfôrast får gå på gode  håbeiter heime på garden.

Søyene får ein lang og god "husmorferie" medan dei pussar ravinebeita og blir klare for ein ny sesong.

Rune, Yngve Rekdal og Erling Skurdal studerer beiteplantene i beitet
Rune, Yngve Rekdal og Erling Skurdal studerer beiteplantene i beitet.

Rune Sandklev og eit av lamma som har fått litt ekstra stell i vår. Riktig gode vener ser det ut til.
Rune Sandklev og eit av lamma som har fått litt ekstra stell i vår. Riktig gode vener ser det ut til.