Slepp kyrne ut, det er vår!

(08.05.19) Så langt byr våren på gode beiteforhold, men stort sett er det sauer og lam som får koma ut. Nortura-rådgivar Erling Eggebø etterlyser meir storfe i landskapet. 

Av: Jane Brit Sande, Bondevennen

Erling Eggebø, storferådgivar i Nortura, Sandeid, vil sjå meir storfe på beite tidlegare om våren, og har fleire argument for det.

– Smittepress, ugraskamp, tilvekst og tilskot, ramsar han opp.

Rådgivaren vil at fleire storfebønder skal gjere som sauebøndene: Sleppe ut dyra så snart som råd.

– Ikkje la beitegraset bli høgare enn ti centimeter før du slepp dyra ut, seier Eggebø.

Førebels er det lite bløyte i marka dei fleste stader. Dette legg forholda til rette for at dyra skal kome tidleg ut. 

– Det blir lite opptråkk på beitet, og det er ikkje så tort at graset ikkje veks, slår han fast.

På beiteHar det betre ute: Med eit mykje lågare smittepress enn dei ville fått i fjøset, har dyra det best ute. Med tilleggsfôring får dei ein god overgang til grønt beitegras. Beitedyra er også din ven i ugraskampen, meiner Nortura-rådgivar Erling Eggebø.

Smittepress
Den seine påsken kom med sommartemperaturer fleire stader i landet. Med lemming og vårkalving aukar talet på dyr i fjøset.

– Desse forholda gjer at det allereie høge smittepresset inne i fjøset, blir høgare. Bakteriane likar seg godt i fjøset under slike forhold, seier rådgivaren. 

Det har Knut Egil Stakkestad, storfekjøtprodusent på Stakkestad i Tysvær kommune, fått erfare på den harde måten.

– I løpet av ein tre vekers-periode mista me fira vekegamle kalvar på grunn av diaré. Då bestemte me oss for å sleppa dyra ut. Me vona at det ville lette smittepresset, noko det gjorde. Me har ikkje hatt ein sjuk kalv sidan, seier han. 

– Halverer du besetninga inne, halverer du også smittepresset. Eit enkelt reknestykke, seier Eggebø.

Tilleggsfôr inne
På Stakkestad har dyra høve til å gå ut og inn av fjøset slik det passar dei. Tilleggsfôret får dei servert inne.

– Ei veldig god løysing, seier Eggebø.

– Det gir mindre fôrspill, enn om du nyttar deg av ein rundballehekk ute på beitet. Med tilleggsfôringa innandørs slepp du også opptråkket rundt desse fôringsplassane. 

Eggebø oppmodar til å utnytte det kraftige vårbeitet.

– Slepp dyra ut, slik at dei kan begynne å ete det grøne graset så tidleg som råd. Gi dei tilleggsfôr i form av surfôr og kraftfôr i ein overgangsperiode, seier han.

Erling Eggebø, til venstre, er nøgd med opplegget han får presentert hjå Knut Egil Stakkestad.Nøgd med avgjersle og opplegg: Erling Eggebø, til venstre, er nøgd med opplegget han får presentert hjå Knut Egil Stakkestad. Dyra fekk koma ut like før påske, og får gå inn og ut av fjøse slik dei vil. Tilleggsfôret blir servert inne.

Ikkje vent
Mange bønder venter så lenge som til slåttetid før dyra får koma ut på beite. Då er kvaliteten på beitegraset kraftig redusert, og ein går glipp av positive ringverknadar frå vårbeitinga.

– Dersom dyra får koma ut tidlegare om våren, vil det kome nytt gras. For best mogleg nytte av kulturbeite, rådar eg at også storfe får koma ut om våren, og at beitetrykket blir halde jamt. Men, dyra må ha beite som gir avlingar for å vekse, seier Eggebø.

Gode kulturbeiter kan tilsvara så mykje som 80 prosent av avlinga frå dyrka mark, meiner Eggebø.

Ugraskampen
Eggebø meiner ugraskampen på beita bør ha høgare prioritet hjå bønder.

– Når areala tilhøyrande kvart bruk blir større og drifta meir intensiv, får ugraset ta overhand. Slepp du berre dyra ut tidleg nok, er dei også din ven i ugraskampen, seier Eggebø.

Storfe et både løvetann og høymole – om den ikkje er blitt for stor.

– Sjå berre etter på område der sauer og lam først slepp ut. Der er det ikkje ugras. Dei ryddar godt, seier Eggebø.

Konsekvensar av seint haustbeite 
Hjå Stakkestad, og hjå mange bønder med han, ber beiteområde tydeleg preg av dyr som gjekk ute seint i haust.

– Sjå berre på grasdekket, kor ujamt det er. Heilt klassisk, seier Eggebø. Han tilrår å nytta traktoren eller ein gravemaskin til å hjula marka jamn dersom terrenget tillét det, og å så og gjødsla for å få beitet på riktig spor att.

Tilvekst og tilskot
Godt beitestell er god butikk, meiner Eggebø.

– Det er avgjerande for både tilveksten på dyra og tilskotsutbetalinga til bonden, seier han, og forklarar at utmåling av tilskot for beite blir gjort med satellittbilete.

– Veks krattet til, blir det trekk i tilskot. Har du 30 prosent kratt på eit beiteområde, blir du trekt tilsvarande, seier han. 

Eit godt beite er viktig for mjølkeproduksjonen hjå mordyra, og tilveksten hjå kalven. Eggebø tilrår å ta kalvane inn tidlegare om hausten.

– Ikkje seinare enn medio september. Då går kvaliteten på beitet nedover, og kalvane mister tilveksten. Fôr dei heller inne fram til slakt, og kompenser tapt beitetid i andre enden av sesongen, seier han.

Nokre typar ugras må behandlast med sterkare krut enn beitande dyr. Lyssiv er eit stadig veksande problem mange stader.

– Den kampen må me ta. Lyssiv tek heilt overhand. Den svekker kvaliteten på beita, og øydelegg kulturlandskapet, seier Eggebø.
 

Slik får du god avling på beita 

Ole Arnfinn Røysland, grovfôrrådgivar i NLR Rogaland, seier at godt drivne beiter i gjennomsnitt yter ei avling tilsvarande tre rundballar (600 kg tørrstoff/dekar effektivt grasareal). Dei beste beita har ei avling tilsvarande fire rundballar, medan forsømte beiter har ei avling kring ein halv rundballe.

– I tillegg vil graset i godt drivne beiter kunne starta veksten tidlegare på beite enn på dyrka mark. Dette viser at ei aktiv beitedrift gir resultat, seier han.

– Ugraset kjem når graset ikkje trivst. Syt for at graset får lys, god pH og tilgang til næring, tilrår han.

Å syte for at graset får nok lys betyr i praksis å halde borte anna vegetasjon som tre, kratt og ugras. Røysland har følgande råd om ugras som ikkje blir beita av storfe eller småfe.

– Tistel, høymole, lyssiv og bregne, eller enstape, er blant dei mest utfordrande ugrasartane. Punktsprøyting eller ulike former for luking er dei mest aktuelle tiltaka her. Ved luking av tistel, høymole og lyssiv er det viktig at du får med heile planta. Lyssiv og tistel skal slås like under jordskorpa slik at alt det grøne av planta vert fjerna. For høymole er det viktig å få med minimum 10 cm av rota. Einstape har store energireserver i rota, og kjem ofte opp att etter slåing, men dersom ein systematisk tyner einstapen med to-tre slåtter i tre til fire år bruker den å gi tapt.


Artikkelen er lagt ut med tillatelse fra Bondevennen og har stått på trykk i nr. 15, 3. mai 2019.