God klasse sjølv om det går nedover med slaktevekta

(Oppdatert 08.11.19) Tre nye slakteveker er kome inn i slaktestatistikken, og sauen er i vinden om dagen!

Foto: Eirin Sveahaugen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I vekene 42, 43 og 44 (14. - 3. november) slakta Notura vel 141 000 lam med medel slaktevekt  17,5 kg, medel klasse R/R- (7,7) og medel feittgruppe 2+ (5,8). Dette er 13 000 færre lam enn i dei same vekene i 2018, og nå er lamma eit hekto lettare enn på same tid i fjor.

I sum ligg likevel både Stjerne- og spesielt Gourmetlam-andelen godt over fjoråret. Det er vi godt nøgde med! Buskerud, Rogaland og Aust-Agder knivar om tittelen "Stjernelamtoppen" i årets slaktesesong, men Trøndarane ligg også høgt oppe i år.

Godt sal i  august/september, er erstatta av med mindre sal i oktober. Nortura er i god dialog med kjedene om satsing på heilårs-sortiment av produkt av lam, for eksempel "Hverdagslam"-serien. Vi håpar det kan vera med å løfte salet av lam. Det treng vi.

Elles er jo sauen i vinden om dagen etter programmet "Matsjokket" på NRK. Det er spanande å sjå kva konkret som kjem ut av at kjedene seier på fjernsyn at dei ynskjer å ha fleire varer med sau som råvare i diskane sine.

Rema har i allefall kampanje på fenalår og fårefilet om dagen! Dei la ut dette på fjesboka si: "Nyhet! Nå finner du rødvinsmarinert fårefilet og fenalår av sau i hyllene våre. Sammen med Gilde jobber vi for å lage spennende produkter av overskuddslageret av sau. Håper de faller i smak."

Nortura smir så lenge jernet er varmt!

Statistikk

Graf

 

Oversikt veke 27 - 44, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 41, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 41 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 42 kb

 


Statistikk frå Animalia