Stor oppslutning om LAM 2023

(Oppdatert 22.02.23) 560 sauebønder og andre med interesse for sau var samla til Lammekongress på Scandic Hell i Stjørdal helga 18.-19. februar.

Hell Amfi fylt opp med interesserte LAM 2023-deltakarar

Ca halvparten av kongressdeltakarane tjuvstarta på fredag med ein busstur i Stjørdal og Innherred for å bli betre kjent i området og besøke andre som driv med sau.

Laurdag og søndag fekk kongressdeltakarane moglegheit til å gå på 14 ulike fagforedrag, besøke 21 utstillarar og kose seg med festmiddag som inneheldt både korsang med Rennebu Mannskor og eit forrykande kåseri med skodespelar ved Trøndelag Teater, Marianne Meløy.

Inntrykket er at LAM 2023-deltakarane hadde fine dagar på kongress, og kunne reise heim litt klokare og med nye idear til å utvikle sauedrifta si, seier fagsjef på småfe, Finn Avdem.

Foredraga fra kongressen kan du se i pdf. versjoner her

LOGO