Team småfe i Nortura
Team småfe i Nortura består av rådgjevarar med allsidig kunnskap om sau. Nokre av oss er kombinert storfe- og småferådgjevarar. Vi skal hjelpe sauebonden til eit best mogleg økonomisk resultat gjennom eit godt samarbeid med Nortura og betre drift på garden.
Team småfe på kongressen LAM 2026 som vart arrangert på Scandic Oslo Airport på Gardermoen den 14. og 15. februar.
På sidene her finn du meir informasjon om oss, fagtilbodet vårt og korleis vi kan hjelpe til å utvikle produksjonen din. Her finn du også eit fagbibliotek med tips og råd om korleis du kan bli ein betre sauebonde.
Under «Temahefte» har vi samla alle temahefta våre som handlar om det meste som det er viktig å ha kunnskap om når ein er sauebonde: fôring, inn- og utmarksbeite, helse, økonomi, klauvstell, lammetap og bygging av funksjonelle sauefjøs. Kvart tredje år inviterer vi sauebønder frå heile Noreg til kongress i samarbeid med Animalia, Norsk Sau og Geit, Felleskjøpet og Norsk Landbruksrågiving.
Under «Beregningskalkulatorer» kan du laste ned desse reknearka:
- Slakteoppgjerskalkulatoren – med dette reknearket kan du rekne på det mest økonomiske slaktetidspunktet for lamma dine
- Nortura Sauefôring – med dette reknearket kan du lage ein plan for vinterfôring av sauen og sluttfôring av lam som ikkje er slaktemogne
Før årets lammesesong vil Team småfe arrangere sesongmøte for å diskutere sau, marknad og fag. Sesongmøta er ein viktig møteplass for gode saue kollegaer. Fylg med på møtekalenderen på Medlemsportalen når det er sesongmøte i området ditt, eller klikk deg inn på eit digitalt sesongmøte.
Visjonen for jobben vi gjer er:

