Leveringsvilkår for småfe

(04.07.19) Det er i år ingen endringer i leveringsvilkårene for småfe.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Fullstendige leveringsvilkår for småfe finner du i lenken under, eller i informasjonsheftet.

» Leveringsvilkår småfe
 

Utnytt leveringsvilkåra og få betre pris

Nortura-medlemmene fekk i 2018 utbetalt i middel mellom 8 og 9 kr per kg lam i form av tilleggsytingar. Dette er betaling frå fellesskapet for god kvalitet, marknadstilpassing og sparte kostnader, samt ein bonus for levering over eit visst kvantum sau- og lammeslakt til Nortura. Det er difor viktig å setje seg inn i leveringsvilkåra og tenkje igjennom korleis ein kan ta ut høgast mogleg pris.

Her er eit eksempel på korleis du kan plusse på avrekningsprisen på neste side ved å utnytte leveringsvilkåra:

Vi føreset lik slaktevekt som i 2018 (18,7kg), levert i Gourmetlam-perioden i ei pulje på minst 15 dyr og at garden leverer minst 1000 kg saue- og lammeslakt til Nortura.

  • Puljetillegg: (kr 10-50,- per dyr): kr 0,53-2,67per kg
  • Tillegg Stjernelam: kr 2,50 per kg
  • Tillegg Gourmetlam: kr 2,00 per kg
  • Kvantumstillegg min. 1000 kg slakt : kr 0,40-1,70 per kg
  • Lammeringstillegg (kr 10 per dyr): kr 0,53 per kg
  • Støtte elektroniske øyremerke (kr 12 per dyr): 0,64 per kg

Sum: kr 6,6-10,04 per kg lam

Dersom ein utnyttar leveringsvilkåra maksimalt og prisprognosen (s 5) blir ein realitet, så vil eit R lam slakta i veke 36 betale seg med ca kr 61,- per kg (inkludert grunntilskot). I tillegg kan ein unngå stoppsats på kr 150 dersom ein samlastar med ein eller fleire naboar.