Lammesesongen 2020: Viken på Stjernelam-toppen

(21.12.20) I dei to siste vekene med slakting av lam i Nortura, veke 49 og 50 (30. november t.o.m. 13. desember) slakta Nortura 10 200 lam med medel slaktevekt 16,5 kg, medel klasse R- (7,2) og medel feittgruppe 2/2+ (5,7). 78 % av lamma fekk utbetalt Stjernelam-tillegg, slettes ikkje verst så seint i sesongen.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Da kan vi summere opp korleis lammesesongen 2020 gjekk. Nortura-sauebonden har levert lam med flott slaktekvalitet. Medel klasse og feittgruppe held seg stabil på R og i underkant av 2+. Medel slaktevekt ligg heilt i underkant av 19 kg, ein liten auke frå fjoråret. Likevel har andelen lam med feitt-trekk gått litt ned. Det tyder på at Nortura-sauebonden har blitt enda flinkare til å plukke ut perfekt slaktemogne lam. Dette gjev seg utslag i ein solid auke på 5,5 % i andelen lam som har greidd Stjernelam-krava i forhold til fjoråret.

Årets vinnar av den gjeve tittelen Stjernelam-toppen sesongen 2020, vart det nye storfylket Viken. Dette er det einaste fylket med over 90 % Stjernelam. Vi gratulerer! På 2. plass kom Troms og Finnmark og på 3. plass Vestfold og Telemark. Båe desse fylka hadde ein Stjernelam-andel på rett i underkant 90 %. Når medel-resultat er 88,5 % Stjernelam, så viser det at heile landet har levert flotte lam og flotte råvarer som Nortura kan foredle til gode Gilde-produkt.

Og gode Gilde-produkt av sau og lam er det seld mykje av i årets sesong. Forbruket av skore vare har auka med heile 8 % i 2020. Nortura lykkast med å få med kjedene på ein lengre lammesesong. Saman med satsinga på Hverdagslam og Gourmetlam, har dette gjeve ein god salsvekst. All sauen har gått rett ut til industrikundar eller eige skjering. Salet av heile slakt til industrikundane har vore overraskande bra når vi tenkjer på at det også var eit stort uttak av lam frå reguleringslager før årets sesong.

Ein vellykka lammesesong gjev lågare lager. Reguleringslageret av heile slakt og lageret av skore vare er redusert med ca 2000 tonn i 2020. Det er difor lov å vera optimist når det gjeld marknadssituasjonen på sau og lam når vi snart går inn i 2021.

Statistikk

Graf slaktestatistikk


Oversikt veke 27 - 50, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 48, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 46, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 44, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 43, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 42, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 41, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 490 kb

Oversikt veke 27 - 32, pdf. 489 kb

 


Statistikk frå Animalia  

      

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes