Søk:

Du er her: Hovedsiden / Småfe / Lamming /Adopsjonskassa frå Vågå

Verktøylinje

Adopsjonskassa frå Vågå

(Sist endret 28.02.18) Frå Anders Svare i Vågå har vi fått tips om ei praktisk adopsjonskasse som har letta arbeidet med å få gjennomført vellykka adopsjonar av lam. Anders har gjennomført 15 vellykka adopsjonar med denne kassa i lammingssesongen 2010.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Årsaka til at han fekk ideen til adopsjonskassa, var at han ynskte meir kontroll med adopsjon av lam.

Før var det vanleg at adopsjonen kunne sjå vellykka ut, adoptivlammet saug seg god og mett og gjekk og la seg bak søya, medan søya sitt eige lam som regel la seg ved hovudet til søya. Etter 2 - 3 timar kunne det ofte skje at morskjensla hjå søya for adoptivlammet vart borte (ute av auga... ute av sinn…).

Med adopsjonskassa må søya forhalde seg til båe lamma på like fot. Suging av søya den fyrste tida etter adopsjonen, går føre seg under kontroll av røktaren. Ein treng da ikkje passe på til ein kvar tid at søya godtek adoptivlammet eller avviser og stangar det bort.

Adopsjonskassa
Det skal vera enkelt for søya å stikke hovudet inn til lamma og vanskeleg for lamma å hoppe ut. Foto: Eli Lunde Svare

Adopsjon hjå Anders Svare går føre seg ca på denne måten:
Når ei søye med eit lam er lammingssjuk, så blir adoptivlammet vaska i varmt vatn. Anders sprayar også lammet med Optima pH, eit hudpleieprodukt som søya synes det er veldig god smak av. Det er difor lett å få søya til å sleikje adoptivlammet.

Når hennar eige lam kjem til verda, så blir mest mogleg av fostervatnet samla opp i ei bøtte og adoptivlammet blir smurt inn med dette. Søya får ikkje sjå sitt eige lam før det har gått mellom 20 og 30 minutt etter lamming. Når båe lamma har soge seg gode og mette, blir dei lagt opp i adopsjonskassa som står i eit hjørne i lammingsbingen.

Her er det tett, isolerande liggeunderlag og ofte varmelampe fordi adoptivlammet ikkje har brunt fett lenger.

Eit adoptivlam som er vått av vatn og fostervatn er det difor ekstra utsett for nedkjøling. Når lamma blir urolege og svoltne igjen, får båe lamma suge søya på nytt under oppsyn av røktaren (minst 3. kvar time).

Lamma blir lyfta inn og ut av kassa i maks eit døger. Da er den kritiske perioden over og søya har som regel godteke adoptivlammet. Da kan ein fjerne kassa som er klar til neste adopsjon.

Adopsjonskassa
Adopsjonskassa er ca 50 x 50 cm i omkrets. Høgda på den på den sida som skal brukast av søya når ho skal sjå og snuse på lamma i kassa, kan variere mellom 45 - 55 cm. Foto: Eli Lunde Svare

Det skal vera enkelt for både store og små søyer å stikke hovudet over kanten og inn til lamma. Den øvste fjøla på denne sida bør bli spikra på innsida av kassa. Dette gjer det vanskelegare for lamma å hoppe ut av kassa samstundes det blir lettare for søya å stikke hovudet inn til lamma.

Lykke til med vellykka lammeadopsjon.

Det er lønsamt!