Min Side- eit viktig verktøy for småfebonden i Nortura
Bruk Min Side til å melde inn dyr
(30.06.26) Det er mykje informasjon som skal leggjast inn ved innmelding. Det kan vera avtaler av ymse slag, ulike kategoriar dyr og ikkje minst, matkjedeinformasjon (MKI-avvik). For å lette jobben for lammeringleiarane, er det lagt til rette for at det einskilde lammeringmedlem kan leggje inn innmeldinga sjølv og sende til lammeringleiaren.
Mange lammeringleiarar og medlemmer er godt i gang med å bruke Min side, men vi ynskjer at enda fleire skal ta i bruk dette verktøyet. Det reduserer moglegheitene for feil og sparer tid for bonden og Nortura.
Rutinen er slik:
- Lammeringleiaren må klargjera for innmelding ved å legge ut eit «utkast» til innmelding til alle som er med i lammeringen ved å bruke «Planlegg slakt»-knappen. Han/ho må da gje beskjed til medlemmene f.eks. med ein SMS, at nå er det klart for innmelding.
- Lammeringmedlemmene vil da finne «utkastet» hjå seg. Dei kan nå registrere det dei skal slakte, inkludert alle avtaler, skavankar osv (MKI-avvik). Dersom nokon av medlemmene i ringen ikkje skal melde inn dyr denne veka, avviser de sitt utkast. Leiaren vil da få beskjed om dette.
- Når dette er gjort, vil leiaren finne innmeldingane hjå seg og kan i samråd med medlemmene i ringen gjera endringar slik at innmeldingane passar til f.eks. pulje- eller bilstorleik.
- Lammeringleiar melder inn lasset til Nortura og lammeringmedlemmene finn att innmeldinga på sin Min Side.
Bruk Min Side til å analysere drifta
Min side er også blitt eit godt verktøy for småfebonden for å analysere drifta. Dersom du ikkje alt har gjort det, tilrår vi difor å logge inn på Min Side og klikke på Rapporter for rødt kjøtt. Her er det mykje interessant for den som ynskjer å fylgje med og jakte på marginar:
Mine leveransar
Mine leveransar gjev oversikt over slakteresultat rett etter slakting, slik at ein kan justere slaktestrategien fram mot neste levering
Slakteanalyse
Slakteanalyse gjev oversikt over middel slaktekvalitet på alle typar småfe du har levert til Nortura og slakteoppgjer inkludert tilleggsytingar, pr kg og pr dyr. Desse blir samanlikna med middelet i Nortura. Slakteanalysen gjev også oversikt over kor mykje Nortura har avrekna av tilskot på vegne av staten, pr kg og pr dyr. Til slutt får du oversikt over leveransen av ull, og kor mykje som er avrekna frå Nortura og staten, pr kg og totalt.
ResultatOversiktSlaktedata (ROS-analysen)
ROS-analysen gjev detaljert oversikt over slakte kvaliteten på lam. Resultata blir målt opp mot resultata i eige tilførselsområde, landet og dei 25 % beste i Nortura. Det er også enkelt å finne eigne resultat frå året før og fylgje med på utviklinga.
Avrekningssamandraget
Avrekningssamandraget gjev ei totaloversikt over alle leveransar til Nortura i tal og kg, og kva som er avrekna eller fakturert i eit rekneskapsår, med og utan MVA.
Nortura sin Min side gjev kunnskap, oversikt og grunnlag for ein god diskusjon med både rådgjevarar og gode kollegaer!
Skil mellom ung sau og sau når du melder inn sauene dine til slakt
For å planlegge produksjon og sal av produkt av ung sau, er det viktig at Nortura veit ca kor mange som kjem til slakting.
Vi ynskjer difor at sauebonden skiller mellom ung sau og sau ved innmelding av slaktedyr. I denne slaktesesongen gjeld fylgjande: Alle søyer født i 2024 og 2025 og alle verar født i 2025 skal meldast inn som Ung sau.
