Søk:

Du er her: Hovedsiden / Småfe / NOR-X farrase /Kjøttkåring

Verktøylinje

Kjøttkåring

(Oppdatert 03.10.12) Formålet med kjøttkåring er å kvalitetsvurdere vêrlam som er gode på kjøttfylde, feittmengde og tilvekst. Vêrlamma får kåringspoeng ut ifrå avlsindeksar og bedømming av rygg, lår, beinstilling, brukseigenskaper og ullkvalitet.

Kåring
Kjøttkåring på Time i Rogaland

Vi har kjøttkåring både for lam som kjem frå avlsbuskaper og frå bruksbuskaper, men det er eit krav at besetninga er med i Sauekontrollen. Kjøttkåring kan gå føre seg både på kåringssjå og som gardskåring.

Kjøttkåra vêrlam kan seljast til bruksbuskapar eller brukast i eigen flokk på dei søyene som skal produsere gode slaktelam (bruksdyrkryssing).

Dei beste vêrlamma frå kjøttsauavlsbuskapane går vidare i kjøttsauavlen.

Har du vêrlam du ynskjer å kjøttkåre, meld deg på til kåringsansvarleg i fylket.

Skjema for innmelding til kåring samt regelverk finner du på nettsiden til NSG.

Er det noko du lurer på knytta til kjøttkåring, ta kontakt med din rådgiver i Nortura eller Karluf Håkull, hovudansvarlig for kjøttkåring i Nortura.

Ønskjer du å stilla til kåring for fyrste gong, og du ønskjer meir rettleiing i vurdering av kandidat, ta kontakt med din rådgivar i Nortura. Det er i tillegg viktig at ansvarleg for sjået veit at du kjem så det blir plass til deg og dyra dine.