Nortura søker visningsfjøsverter på sau

(25.03.08) På kongressen LAM 2008 annonserte styreleiar Harald Mork at Nortura ynskjer å etablera 12 visningsfjøs for sau der medlemmer kan henta gode idear når dei skal realisere eigne byggeplanar. Dette er eit av mange tiltak som Nortura gjennomfører for å auke produksjonen av lam slik at vi igjen kan bli sjølvforsynte med lammekjøtt.

Knut Evensen
Planleggerne i Nortura tegner og planlegger med dataverktøy bla Auto-cad og Archi-cad. Her er Knut Evensen fra Gudbrandsdalen.

Av: Finn Avdem

Vi ynskjer difor kontakt med medlemmer i Nortura som har byggeplanar for sau. Du som blir vald ut må inngå ei avtale med Nortura, der vi tilbyr gratis rådgjeving når det gjeld byggskisse og driftsplan, dvs det som skal til for å lage ein søknad til Innovasjon Norge. I avtala vil det også stå at du må vera villig til å ta imot besøk av kollegaer som ynskjer å få idear til byggeplanane sine. Besøka skal skje i regi av ein rådgjevarar i Team sau, og du vil få kompensert for arbeidstid som du må bruke på dette. På slike besøk må du også vera villig å leggje fram byggjekostnader og korleis økonomien vart etter driftsutbygginga.

Når prosjektet blir realisert, har vi også planar om å fylgje byggjeprosessen for å spreie kunnskap om dette blant andre medlemmer. Vi har som mål at dei 12 visningsfjøsa skal vera spreidd over heile landet, og at dei skal representere ulike typar fjøsløysingar.

Dersom du er interessert i dette, ynskjer vi opplysningar om kva planar du har:

  • Ombygging eller nybygg?
  • Tal sau du skal byggje til
  • Litt om type fjøs du har planar om å bygge
  • Andre moment du meiner som er viktig for oss å veta om

Skriv dette ned og send ein søknad til Fagsjef sau i Nortura, Finn Avdem, pb. 360 Økern, 0513 Oslo.
E-post: finn.avdem@nortura.no

Søknadsfrist: 1. april 2008.

Vi har som mål å få plukka ut dei 12 visningsfjøsa innan 1. juni. 

Under viser noen bilder, ved å klikke på bildene får du de opp i større format.


Eksempel på uisolert hus med naturlig ventilasjon. Fra Lyngen i Troms.

Eksempel på uisolert hus med naturlig ventilasjon. Fra Lyngen i Troms.

Treinnredning i uisolert fjøsm/naturlig ventilasjon med strekkmetall. Fra Lyngen i Troms.

Fjøs med rullende forbrett. Fra Ulefoss i Telemark.                                                                                

Fjøs med kjeller, strekkmetall og uisolert. Fra Rena i Hedmark.

Fjøs med kjeller, strekkmetall og uisolert. Fra Rena i Hedmark.

Fjøs med rullende forbrett. Fra Ulefoss i Telemark.

Uisolert fjøs m/talle. Fra Stor-Elvdal i Hedmark.