Søk:

Meny

Verktøylinje

Auka salet med 30 %

(15.05.17) Nortura har hatt stort trykk på sal av lam for å redusere lagra fram mot ny lammesesong. Dette har resultert i ein salsvekst på 30 % eller 573 tonn ved utgangen av april.

Salt lammekjøtt– Den store salssuksessen var kampanjen med salt lammekjøtt der vi selde 160 tonn meir enn i fjor. Gjennom denne kampanjen har også austlendingane fått opp augo for dette gode produktet, seier fagsjef Finn Avdem.

Påskelamsalet gjekk også veldig bra, og vi har nå gjort eit skikkeleg innhogg i reguleringslageret på lam. Sidan nyttår har dette lageret gått ned med 760 tonn.

Her gjorde mange sauebønder ein stor innsats med grilling og utlevering av smaksprøver til kundar som skulle inn i butikken og kjøpe årets påskelam.

Eit eksempel på dette var samarbeidet mellom Nortura, KIWI, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Norsk Sau og Geit i Oppland, Buskerud og Hedmark. Det vart gjennomført grilling ved 11 butikkar (se facebookpost), som førte til meirsal og god marknadsføring av påskelammet.

Takk for det!

Vi står på vidare for å redusere lagra enda meir, og nå står grillsesongen for døra. Her vil lammet vera godt representert. Vi er alt i gang med sal av årets Sommarlam i ferskvarediskane og til storkjøkken-kundar. I juni kjem sommarlamma for fullt i REMA, i år som riksdekkande produkt. Gjennom breiare lansering og nytt design er målet å doble salet av sommarlam slik at vi får utnytta dette flotte råstoffet enda betre.

Vi synes difor vi har lykkast godt med salet av lam hittil i år, seier Avdem.
 

Utfordrande marknadssituasjon for sau

Den største utfordringa vi har nå, er marknadsbalansen for sau. Her har reguleringslageret auka frå i underkant av 1000 tonn ved nyttår, til 1240 tonn ved utgangen av april. I Nortura brukar vi sauen til foredla produkt som spekemat, Vossakorv og sodd. Nortura har eit stabilt sal av produkt som har sau som råstoff, men dette er ikkje godt nok når tilførslane aukar.

Ein stor del av sauen blir også seld til industrikundar, og etterspørselen frå desse har gått betydeleg ned. Frå nyttår til utgangen av april har salet av heilt slakt av sau gått ned med 28 % eller 115 tonn. I staden for auka sal, som vi treng når tilførslane aukar, så opplever vi difor heller ein nedgang i salet.

For å gjera det meir attraktivt å kjøpe sau, har difor Nortura Totalmarked sett ned engros- og med kr 13 pr. kg sau/ung sau sidan nyttår. Sjølv med så låg pris, opplever vi dessverre ikkje nokon stor auke i etterspørselen. Her har difor Nortura og sauenæringa ei stor utfordring som vi arbeider med å finne løysingar på framover.

Dersom du er i tvil om ei søye skal utrangerast eller ikkje, så bør tvilen koma søya til gode ut frå marknadssituasjonen vi har nå.

Dei tre siste åra er det vore slakta ca 6,5 lam pr. slakta sau mot ca 4 lam på slutten av 90-talet. Dette er ei veldig positiv utvikling og tyder at den norske sauen blir både meir haldbar og produktiv. Det er bra!