Søk:

Meny

Verktøylinje

Austre Tveit gård

(09.01.14, oppdatert 26.02.14) Marit og Sven Reiersen på Austre Tveit gård i Hornnes i Aust-Agder har bygd nytt sauefjøs, og Nortura har fått lov å bruke dette fjøset som visningsfjøs.

Marit jobbar 70 % på sjukeheim som sjukepleiar, i tillegg til å vera aktiv deltakar i drifta på garden. Marit og Sven har to barn, Magnus på 18 år og Ingrid på 14 år.

Austre Tveit gard består av 130 mål fulldyrka areal, i tillegg leiger dei 450 mål rundt omkring på mange små jorder. Sauen er på fjellbeite på Haukelid i Telemark om sommaren. I tillegg til sau, er det 40-45 ammekyr på garden + påsett. Oksekalvane og ein del av kvigekalvane frå ammekyrne blir seld som livdyr.

Sven Reiersen til høgre framfor fjøset, til venstre står Nortura-rådgjevar Arild Grødum
Her ser vi Sven til høgre framfor fjøset som har plass til 200 sau. Til venstre står Nortura-rådgjevar Arild Grødum som har vore ein god støttespelar i alle fasar av prosessen, heilt frå planlegging og finansiering, til utbygging og ferdig fjøs.

Fjøset er kostnadsberekna til kr. 2.480.000,- inkludert fôringsanlegget til kr. 200.000,- 

Mer om Austre Tveit gård i Hornnes i Aust-Agder 
For å lese mer og se bilder av fjøset må du logge inn,artiklene er lagt på passordbelagte medlemssider. Logg på for at lenkene skal vises.