Er slaktedyra dine transportdyktige?

(02.07.20) Både Nortura og Mattilsynet har stort fokus på at alle dyr er transportdyktige når dei blir lasta opp på ein Nortura-dyrebil. Det er difor viktig at alle som er involvert i transport av dyr, set seg inn i kva forskriftene seier. Dette gjeld bonden – som har ansvaret for at dyra han sender til slakt er friske og kan transporterast, og sjåføren – som har ansvaret for at dyra han tek om bord i bilen er transportdyktige.

Mattilsynet har laga ein rettleiar for å gjera det enklare å vurdere om eit dyr er transportdyktig eller ikkje. Dei skriv dette om produsenten sitt ansvar:

Dyreholderen er ansvarlig for at dyrene som blir levert til transportøren, er friske og egnet til å bli transportert. Dyreholderen skal også gi nødvendige opplysninger og vise dyrene frem for dyrebilsjåføren, før de lastes på bilen, slik at sjåføren kan gjøre en totalvurdering av dyrene, reisetiden, plass på bilen osv.

Dyr som er skada eller har skavankar vil gjerne "gøyma" seg i flokken, og dermed kan dei bli lasta om bord utan at dette blir oppdaga. Når flokken kjem inn på slakteriet, viser det seg kanskje at dyret ikkje burde vore transportert. Det kviler difor eit spesielt ansvar på produsenten; han må sjå nøye over flokken før sending. Dyr han er i tvil om skal setjast for seg, slik at sjåføren kan gjera ei vurdering før han lastar. Produsentar som sender sjuke eller ikkje transportdyktige dyr utan å informere sjåføren, kan få eit  lovbrotsgebyr på over kr 20.000  frå Mattilsynet.  

Dyr som blir kassert på slakteriet av årsaker som ikkje kan ha skjedd under transporten, eller dyr som av ein eller annan grunn ikkje er eigna til mat (for eksempel avmagra), vil ikkje bli avrekna på produsenten.

Gå inn på Medlemsportalen til Nortura og søk på "Transportdyktighet". Da vil du finne ein liten artikkel om temaet og ei lenke der du kan laste ned heile rettleiaren frå Mattilsynet.

Fôring før levering
Inge Midtveit er spesialveterinær for dyretransport i Animalia og reiser rundt og reviderer slakteria når det gjeld dyrevelferd og transport. Han poengterer at det ikkje er god dyrevelferd å levere sauer og lam på ein dyrebil med vomma full av fôr. Han rår difor til at slaktedyr berre skal ha vatn dei siste 6-12 timane før levering. Sluttfôringslam bør ikkje få kraftfôr dei siste dei siste to dagane før levering.