Søk:

Meny

Verktøylinje

Ny prisdifferensiering mellom klasser gjer det meir lønsamt å produsere lam med god kjøttfylde

(05.07.23) Nortura Totalmarked og Animalia har hatt ein gjennomgang på pristillegga som industrien betaler for lam i ulike klasser. Bakgrunnen for gjennomgangen var å evaluere samanhengen mellom pris og skjereutbytte.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Animalia har gått igjennom nedskjeringsresultat av 956 lam i ulike klasse-, fett og vektgrupper. Det er rekna ut kjøtt-, bein-, feitt- og avfalls-prosent og ein produktverdi pr kg slakt.

Denne gjennomgangen synte at det er grunnlag for å auke prisforskjellen mellom klasse O og O+ frå kr 0,50 til kr 1 pr kg. Vidare var det grunnlag for å auke prisforskjellen mellom O+ og R-, R- og R, R og R+ frå kr 0,50 pr kg til kr 1,50 pr kg.

Oppsummert aukar prisforskjellen mellom lam i klasse O og nedover og lam i klasse R+ og oppover med kr 3,50 pr kg. Prisforskjellane mellom dei andre klassene blir som før. I tillegg kjem kvalitetstillegga. Det vil også bli ei lita justering av feitt-trekket på lam for feittgruppe 3+. Det blir redusert med kr 1 til kr 5 pr kg.

Same endringane er gjort på sau og ung sau. Det meste av sauen blir skore ned til utbeina produkt. Kjøttfylde er difor minst like viktig for skjereutbyttet på sau som det er på lam.

Tabellen er lagt inn som eit bilete, henta frå informasjonsheftet (s. 10)

Desse endringane gjer det meir lønsamt å produsere sau- og lammeslakt med god kjøttfylde. Eit viktig tiltak for å auke kjøttfylden er god vårtilvekst.

Figur 1 er laga på grunnlag av tilvekst og slaktedata frå 480 000 lam i Sauekontrollen med fødsels- og vårvekt frå 2020, 2021 og 2022. Figuren syner at jo høgare vårtilveksten er, jo større sjanse er det for at lammet får ei god slakteklasse.

Figur 1. % lam i ulike slakteklasser med ulik vårtilvekst
Figur 1. % lam i ulike slakteklasser med ulik vårtilvekst

Figur 2. % lam i ulike slakteklasser frå spælsauflokkar som brukar både spælvêr og langrumpa vêr på søyene sine
Figur 2. % lam i ulike slakteklasser frå spælsauflokkar som brukar både spælvêr og langrumpa vêr på søyene sine

Ein kan også auke kjøttfylden gjennom avl. Slakteklasse er svært arveleg. Problemet er at slakteklasse har negativ samanheng med andre viktige eigenskapar som vårvekt (mjølkeproduksjon), ullvekt og lammetal.

For å få i «pose og sekk» kan ein gjennomføre bruksdyrkryssing. Det betyr at du deler søyeflokken i to. Dei beste søyene skal produsere neste års påsettlam. På desse søyene brukar du semin eller parar dei med ein god avlsvêr. Resten av søyene skal produsere slaktelam. Dei parar du med ein vêr som er god på tilvekst og kjøttfylde.

Figur 2 syner slakteresultat for lam i spælsauflokkar som har bedekt søyene sine både med langrumpa vêr og spælvêr i 2020, 2021 og 2022. Dette er høgst sannsynleg bruksdyrkryssing. Det var 154 500 lam med mor og far spæl og 203 000 lam med mor spæl og far langrumpa.

Vi ser at det er flest krysningslam i R og R+ medan det er flest reine spæl-lam i R og R-. Oppsummert var effekten av bruksdyrkryssing i desse flokkane slik:

 

Mor og far spæl: 

Mor spæl og far langrumpa:  

Effekt av bruksdyr-kryssing: 

% O+ og meir 

96,6 % 

98,7 % 

2,1 % 

% R og meir 

49,32 % 

77 % 

27,19 % 

% R+ og meir 

9,88 % 

28,84 % 

18,97 % 

Medel feittgruppe 

2+ (6,0) 

2+ (6,0) 

0,0 

Medel klasse 

R-/R (7,4) 

R (8,0) 

0,6 

Slaktevekt, kg 

18,2 

19,3 

1,1 

Ein god vår gjev kjøttfulle lammelår. Foto: Linn Hege Engen
Ein god vår gjev kjøttfulle lammelår. Foto: Linn Hege Engen