Søk:

Meny

Verktøylinje

Kje-kampanjen 2018

(09.05.18) Nortura hadde salskampanjar på kje i samarbeid med Spar, Meny og Jacob's i vekene 8, 11 og 18 med avtalt slakting i vekene før.

Kje i disken hos Jacobs Majorstuen i Oslo
Kje i disken hos Jacobs Majorstuen i Oslo

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I kampanjevekene selde vi 7,2 tonn med kje.

Dette er dessverre ein salsnedgang på 25 % i forhold til 2017, til tross for  stor salsinnsats der kvar enkelt aktuell butikk vart oppringt av Nortura sine salsfolk.

I fjor var det stort mediefokus på kje som ein matressurs ein burde utnytte betre. Denne draghjelpa hadde vi ikkje i år, og da brukte mange butikkar mindre tid og ressursar på kje.

Meny Sør-Vest satsa skikkeleg med annonsering. Her auka salet med 11 % i forhold til 2017.

Dette viser at det er ingenting som kjem av seg sjølv, heller ikkje sal av kje.

Vi vil likevel gje ros til geitebonden i Nortura som leverte fine kje til oss, nesten som avtalt, med medel slaktevekt på 6,7 kg.

Det som vi ikkje fekk seld i kampanjevekene, vil bli seld fortløpande til alle kundar som vil ha!