LAM 2020 tek form

Laurdag 7. og søndag 8. mars 2020 inviterer Nortura, i samarbeid med Norsk Sau og Geit og Norsk Landbruksrådgivning , til ny lammekongress på Clarion Hotel Edge i Tromsø.

LOGOHotellet Clarion Hotel Edge i Tromsø har stor kapasitet både når det gjeld rom, møtelokale og utstillingsareal og ligg midt i Tromsø sentrum. Alt ligg difor til rette for ein vellykka kongress!

Programkomiteen har hatt to møter, og målet er å ha det meste klart før sommarferien 2019.

To store forskingsprosjekt på fôring og grovfôrøkonomi er nå i ferd med å bli sluttført, og resultat frå desse forsøka vil bli presentert på kongressen. Helsetjenesten for sau (HT-sau) vil presentere resultat frå feltforsøk som er gjort for å redusere risikoen for leddbetennelse hjå lam. Nye forenkla tilrådingar for å velje rett strategi mot innvortes parasittar vil også bli presentert.

Team Småfe i Nortura og HT sau har fått med seg 11 sauebønder denne våren som prøver ut korleis mosjon og god plass til høgdrektige søyer påverkar lammingsvanskar og lammetap. Vi håpar å kunne presentere resultat frå dette feltforsøket. I tillegg vil det vera fleire foredrag med fokus på utmarksbeiting.

Animalia skal denne slaktesesongen teste ut automatisk klassifisering av sau og lam ved hjelp av ny kamerateknologi. Vi håpar å gje LAM 2020 deltakarane resultat frå dette prosjektet.