Oppslutnaden om lammeringane aukar

Lammesesongen 2018

(05.07.18) Nesten 79 % av alle sau/lam Nortura slakta i 2017 kom frå ein sauebonde organisert i lammering.

Foto: Kari Sandviken Rusten

Nortura har nå 582 lammeringar, 8 fleire enn da vi skreiv Lammesesonghefte i fjor.

Nortura er veldig godt fornøgd med at fleire blir med. Da kan vi ta ut rasjonaliseringsgevinsten med å hente fulle lass og tømme eit heilt område for slaktemogne dyr når vi fyrst er i bygda med dyretransporten. Medlemskapet i lammeringen gjer også noko med kvaliteten på lamma som sauebonden leverer og utbetaling av tilleggsytingar.

Tabellen nedanfor syner høgare utbetaling  av kvalitetstillegg samstundes som også puljetillegget er større hjå lammeringmedlemmene. Høgare sesongtillegg tyder også på at lammeringmedlemmene kjem tidlegare i gang med slakting om hausten. Vi håpar difor at enda fleire ynskjer å bli med i ein lammering, slik at vi også neste år kan rapportere om fleire lammeringar og auka oppslutnad!

Ta kontakt med ein rådgjevar i Nortura om du vil bli med i, eller vil starte ein lammering.

Resultat innanfor og utanfor lammering i 2017

Andel i lammering

78,4 %

Utanfor lammering

21,6 %

Kvalitet lam

 Innanfor lammering

Utanfor lammering

Vekt, kg

18,41

 16,81

Klasse

 R

 R-

Fettgruppe

 2+

 2+

Andel Stjernelam

79 %

61 %

Andel Gourmetlam

57 %

45 %

Økonomi lam

 

 

Avregningspris pr lam

 695

610

Puljetillegg

39

18

Sesongtillegg

13

10

Kvalitetstillegg stjernelam

38

29

Kvalitetstillegg gourmetlam

22

17

Lammeringstillegg

10

 -  

Økonomisk  resultat pr lam *)

817

685

Forskjell pr lam

133

 

*) I tillegg kjem kvantumstillegg

» Lammeringer i Nortura