Økonomisk slaktetidspunkt

(04.07.19) Årets prisprognose har same profil som i dei tre siste åra. Årsaka til det er at vi er godt fornøgd med effekten prisprofilen har på tilførslane våre, både når det gjeld slaktekvaliteten på lamma og når lamma blir slakta.

Foto: Grethe Ringdal

Vi har hatt full marknadsdekning i heile sesongen dei tre siste åra. På Medlemsportalen under ”Småfe” og ”Beregningskalkulatorer”, kan du laste ned reknearket Slakteoppgjerskalkulatoren 2019. Her kan du rekna på økonomien med å sluttfôre lam i ulike tidsperiodar med utgangspunkt i ulike vekter, tilvekstar, tilskotssonar osv. Profilen på prisprognosen skal stimulere til at ein ikkje skal presse slaktemogne lam opp mot grensa for feitt-trekk, men heller levere dei til Nortura og bidra til at marknaden får nok lam i starten av sesongen.

Vi har brukt ”Slakteoppgjerskalkulatoren” og rekna på eit lam med 44 kg levandevekt med ein slakteprosent på 42 (% slaktevekt av levandevekt) i veke 36. Tilveksten er sett til 250 g per dag om ikkje lammet ikkje blir slakta, men blir sett på sluttfôring på godt håbeite. 

Føresetnader:
Distriktstilskotssone 2, lammering, kvantumsgruppe 3-5 tonn, levert i pulje på 130 småfe eller meir. Lammet får både Kvalitetstilskot, Gourmet- og Stjernelamtillegg t.o.m. veke. 38. I veke 39 og 40 mistar lammet Gourmetlam-tillegget pga for mykje feitt.

Slakteveke nr

Dato veke start

Levandevekt, kg

Slaktevekt, kg

Klasse

Feittgruppe

Slakteverdi 
Kr/lam*)

36

2/9

44,0

18,5

R

2+

1649

38

16/9

47,5

20,0

R

3-

1650

39

23/9

49,3

20,7

R+

3

1614

40

30/9

50,0

21,4

U-

3

1625

*) Prisen inkluderer grunn-, distrikts-, og kvalitetstilskot

Dette eksempelet viser at slakteverdien er nokså lik, sjølv om lammet blir tyngre ved å utsetje slaktinga. Ein kan difor like gjerne levere lammet i veke 36 og spare haustbeitet til andre slaktelam som treng det betre, eller til livdyra. 

På den andre sida, vil det som regel lønne seg å sluttfôre lam dersom dei står i fare for å miste kvalitetstillegg på grunn av for låg vekt.

Vurdering av feittgruppe 
Vurdering av feittgruppe er gjort utifrå medel slaktevekt på lam i ulike feittgrupper i 2018. Det kan variere kor tungt eit lam er når det byrjar å avleire feitt.

  • Lam som har hatt ein jamn god tilvekst avleirar feitt ved ei høgare vekt enn eit lam som har hatt lågare tilvekst
  • Intensiv sluttfôring fører ofte til feittavleiring på ei lågare vekt enn meir ekstensiv sluttfôring
  • Søyelam avleirar som regel feitt ved lågare vekt enn vêrlam
  • Lam av lette raser avleirar feitt ved lågare vekt enn lam av tunge raser

Vurdering av slakteprosent
Slakteprosenten (andel slaktevekt av levandevekt) på lam vil også variere ein del, men ligg ofte rundt 40%. Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Søyelam og godt kjøttsette lam har høg slakteprosent
  • Lam vege om morgonen før beiting har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden
  • Lam vege i sankegjerde på tom vom har høg slakteprosent. Erfaringar frå Beinhelleren sankelag i Hordaland er at slakteprosenten kan liggje på 44-45% på slike lam.

» Totalmarkedssituasjonen og prisutsikter for lammesesongen 2019
 

Reduser risikoen for vêrsmak- og lukt

Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Det er øydeleggjande for salet av lam dersom lammeslakt med lukt- og smaksavvik kjem ut i marknaden som lam.

Dersom lammet kjem i kategorien vêr pga lukt- og smaksfeil, så blir avrekningsprisen nær null og det er heller ikkje bra. Årsaken til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg. Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.