Er det mogleg å redusere andelen sau?

Lammesesongen 2018

(05.07.18) Frå 2014-2016 auka saueslaktinga frå ca 105 000 sau til 117 000 sau. I 2017 auka saueslaktinga kraftig, mest på grunn av endra teljedato, til 153 000 sau.

Foto: Kari Sandviken Rusten

Tradisjonelt har Nortura hatt godt sal av saueslakt til store og viktige industrikundar. I 2014 og 2015 vart ca 40 % av all sauen Nortura slakta seld som heile slakt til industrikundar. Dette har endra seg dramatisk.

I 2016 og 2017 vart under 20 % av sauen seld som heile slakt til industrikundar. Nortura har difor ei kjempeutfordring med å finne nye kundegrupper og nye produkt til ei stor mengde sau som ikkje lenger blir seld til industrikundane. Det blir jobba med dette, og vi greier å auke salet litt, men ikkje nok.

Vi ynskjer difor å utfordre sauebonden på om det er mogleg å levere meir lam per sau som blir slakta. På animalia.no finn ein slaktestatistikk heilt attende til 1996. Den viser ei  positiv utvikling i så måte. I 1996 slakta sauebonden ca 2,5 kg lam per kg sau. I dei tre siste åra har dette forholdstalet vore omtrent 4 kg lam per kg sau. Det er veldig bra! Spørsmålet er om det er mogleg å auke dette forholdstalet enda meir?

Vi har difor prøvd å rekne på korleis ulike tiltak slår ut.

Utgangspunktet for utrekningane er ein sauebonde som har denne produksjonen:

  • 100 vinterfôra sau
  • 25 % av søyene blir skifta ut kvart år (25% påsett)
  • Av desse søyene er det 5 % som går tapt i løpet av året
  • Medel slaktevekt på lam er 19,5 kg
  • Medel slaktevekt på sau er 31,0 kg
  • Avdråtten er 1,5 lam per sau om hausten, dvs at det blir slakta 1,25 lam per sau

Denne sauebonden slaktar 3,9 kg lam per kg sau

Tiltak

Forholdstal kg slakta lam/kg slakta sau

Redusere påsett % til 23

4,4

Auke avdråtten til 1,7 lam per sau om hausten

4,6

Auke medel slaktevekt for lam med 0,5 kg til 20 kg pr lam

4,0

 

Desse utrekningane syner at produksjonen per sau, men også påsettprosenten er viktig for forholdstalet mellom slakta lam og slakta sau. Spørsmålet er om det er mogleg å redusere påsettprosenten utan at det blir lågare produksjon og meir sjukdom? Her må kvar enkelt tenkje igjennom sine eigne rutinar for å utrangere søyer. God oversikt gjennom å vera med i Sauekontrollen vil her vera til stor hjelp. Jon Lilleslett, som vi har intervjua i dette bladet, sa dette på eit fagsamling for nye saueprodusentar på Gol i vinter:

  • Kanskje kan ein del søyer som har produsert jamt to lam kvart år, halde eit år eller to til utover det som er vanleg "aldersgrensa" for utrangering av søyer?
  • Kanskje er det ein del søyer som ikkje er gode nok til å vera avlssøyer, men som kan vera greie brukssøyer til å produsere slaktelam nokre år?

Det finst sikkert også andre utrangeringsårsaker der tvilen kan koma søya til gode.  Sjekk kor mange kg lam du slaktar per kg sau og tenk igjennom om det er mogleg å gjera noko med dette. Nortura held fram jobben med å selje meir sau og dermed lage grunnlag for ein betre pris.