Søk:

Meny

Du er her: Hovedsiden / Meberg gård 

Verktøylinje

Nytt visningsfjøs på Vest-Lista i Vest-Agder:

Meberg gård

(27.05.11, oppdatert 29.11.11) Garden blir dreven av Øystein Gilja på full tid og sambuaren Tove Egra som arbeider 60 % stilling i barnehage. Dei har god hjelp av sønene Ole Torkel og Lasse som begge er interessert i gardsarbeid. Øystein klypper ein del sauar ute på bygdane.


Her er fjøset fylt opp, flere bilder finner du om du logger inn og følger lenkene.
 

Av: Ove Myklebust, tidl. tilførselsleder småfe

Familien Gilja eig 131 da fulldyrka jord, 17 mål overflatedyrka og 169 mål innmarksbeite. Med leigejord blir det dreven 357 da fulldyrka, 17 mål overflatedyrka, 258 da innmarksbeite og 223 mål utmark og skog.

Garden har ei mjølkekvote på nær 190000 l og i fjøsen er det båsar til 28 mjølkekyr. Øystein bygde ungdyrfjøs i 2003 med plass til 110 ungdyr.

Øystein har i dag 130 vinterfôra sauar av rasen Norsk kvit sau og held på å byggjer nytt sauehus til 200 vinterfôra sauar. Dei fleste sauene går på heibeite i indre Vest-Agder om sommaren.

Sauehuset skal få ei lengde på 20,25 m og ei bredde på 13,30 m utvendige mål. Huset skal ha takstein på taket. Golvet til sauene skal vere plast. Bak sauebingen skal det bli ein drivgong med trespaltegolv. Fôrbrettet skal ha ei bredde på 1,40 m for å kunne kjøyre grovfôret inn med eigna transportutstyr.

Det nye sauehuset skal byggast med ein gjødselkjellar som er 2,8 m djup. Dette for å kunne lagra ein del kumøkk. Sauehuset skal setjast opp i betongelement med bordkledning øverst i begge ender. Luftinntak over vindu og ut med vifte over møne. Fôrsentralen skal ha reserveareal til lamminga.
 

For å sjå teikningar og bilete av byggeprosessen fram til ferdig fjøs må du være innlogga, følg då lenka under: