Søk:

Meny

Verktøylinje

Visningsfjøs hjå Herdis og Kjetil Ravndal:

Nedre Ravndal gård

(06.10.10) Dette er eit ektepar i 40 åra som driv gard på Ravndal i Gjesdal kommune og har borna Elise 20 år, Joar 19 år og Helen 17 år gamal. Herdis og Kjetil har garden som heiltidsarbeidsplass. Garden består av 90 da dyrka mark og ca 300 da kulturbeite, totalt areal med utmark ca 1600 da.

Herdis og Kjetil Ravndal

Dyrehaldet på garden består av 14 til 15 mjølkekyr + påsett og ei kvote på 103000 kg mjølk.

Dei leverar ca 1000 slaktegris i året og skal i vinter ha 145 vinterfôra sauar. Sauene består av Norsk Kvit Sau. Dei er med i sauekontrollen og Gjesdal verering. Sauar med lam beiter på kulturbeite/utmarksbeite.

Påsettlamma blir sett inn i oktober, men dei vaksne sauene går normalt ute til januar/februar med tilleggsfôring av rundballesilo. Dei 30 beste sauene (høgast indeks) står inne under paringa for å bli inseminert. Dei andre sauene blir delt inn i grupper på rundt 30 og sleppt ver til frå rundt 5. november.

Herdis og Kjetil byrja og planleggja nytt sauehus i 2006. Dei var rundt og såg på mange sauehus og laga forslag til eige sauehus. Ved hjelp av Nortura fekk dei laga teikningar og driftsplan for søknad av tilskott gjennom innovasjon Rogaland.

Ein mnd etter søknad fekk dei lovnad om tilskott av innovasjon. Sauehuset hadde ein kostnadsoverslag på 1,3 mill med eigeninnsats.

Ta kontakt med Siri Kvam Haugland, telefon 928 85 919, så vi kan avtale besøk.
 

Meir informasjon med bilete og skisser finn du i lenkene under når du har logga inn.