Søk:

Meny

Verktøylinje

Omlegging av utbetalingsmåte for kje- og lammeslakt-tilskotet

(14.12.15) Ved dei siste jordbruksforhandlingane vart avtalepartane einige om ny utbetalingsmåte for kje og lammeslakt-tilskotet. Dei ynskte at slakteria skal overta jobben for å forenkle utbetalinga og lette kontrollen for byråkratane i Landbruksdirektoratet. Difor går ein over til at slakteria skal utbetale desse tilskota direkte på slakteoppgjeret når kjeet/lammet blir slakta.

LamAv: Finn Avdem, fagsjef småfe

For å unngå utbetaling for to år i same året, bestemte avtalepartane at grunnlaget for utbetalinga i 2016 skal vera både lamma/kjea slakta i 2015 og lamma/kjea som blir slakta i 2016. Dette skal skje på denne måten:

Alle kje/lam slakta i 2016 (frå 1. januar) og som oppfyller kvalitetskravet, får utbetalt halv sats på slakteoppgjeret saman med resten av slakteoppgjeret dvs:

  • Lammeslakt kl O og betre: kr 250,-
  • Økologiske lammeslakt kl O og betre: kr 270,-
  • Kjeslakt over 3,5 kg: kr 150,-

I tillegg må småfebonden søke som før om kje- og lammeslakttilskot for kje/lam slakta i 2015. Søknadsfrist for dette er 20. januar. Utbetalingssatsane pr dyr som held kvalitetskrava blir som over og blir utbetalt, onsdag i veke 23 dvs. 8. juni 2016.

I 2017 er vi over på ny utbetalingsmåte. Da vil heile kje- og lammeslakt-tilskotet bli utbetalt frå slakteria saman med resten av slakteoppgjeret. Da treng du ikkje lenger søke om kje- og lammeslakt-tilskot.