Pris- og grunntilskotsendring på sau, lam og vêr etter nyttår

(20.11.18) Konsernstyret har gjort vedtak om uendra engrospris på lam i fyrste halvår 2019. På grunn av prisnedtrappinga gjennom sesongen, kan ein justere opp engrosprisen etter nyttår for å koma ut med uendra engrospris.

Betre marknadsbalanse på lam gjer at ein også kan redusere omsetningsavgifta og grunntilskotssatsen blir auka i februar.

Tabell: Pris- og grunntilskotsendring på lam etter nyttår

Dato Veke nr Årsak til endring Endring
1. januar 1 Redusert omsetningsavgift (kr 0,90) og auka engrospris (kr 0,50) + kr 1,40
14. januar 3 Auka engrospris + kr 1,00
4. februar 6 Auka grunntilskot (kr 1,00) og auka engrospris (kr 1,00) + kr 2,00
25. februar  9 Auka engrospris + kr 1,00
22. april 17 Auka engrospris + kr 4,00


For sau er det stabil pris, men vi får ein auke i grunntilskotet frå nyttår med kr 1,10. 

For vêr blir det ein grunntilskotsoppgang på kr 5,- frå 25. februar (veke 9).