Prisendringar 1. halvår 2021 for småfe

(09.11.20) Konsernstyret i Nortura har vedteke gjennomsnittleg engrospris på lam (+kr 0,50) for 1. halvår 2021 og forslag på omsetningsavgift for 2021. Nortura Totalmarked har laga engrosprisløype på lam og gjort ei vurdering av marknadssituasjonen på sau, både når det gjeld balanse mellom tilbod og etterspørsel og kva kvalitetar som er mest etterspurd av industrien. Med bakgrunn i dette, blir det eit betydeleg prisløft på sau for dei beste kvalitetane.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

81 % av sauen vi slakta i 2019 kom i dei klassene som nå får eit prisløft på kr 4,40. Dei alle beste klassene (Alle E klassene, U+ og U) fekk også eit prisoppgang på kr 1,60 før årets sesong.

Prisløyper 1. halvår 2021

Nå ser vi fruktene av produktutviklings- og salsjobben som er gjort i Nortura, saman med at vi fekk eksportert nesten 1000 tonn med sau i 2018 og 2019. Ein gunstig pris har nok også gjort at mange kundar har fått augo opp for sau som råstoff til gode produkt. Dermed er vi kvitt "sekken" med sau som bygde seg opp på lager pga endra teljedato i 2017 og tørkeslaktinga i 2018.

Vi er veldig glade for at vi nå har ein marknadssituasjon som gjer det mogleg med eit prisløft på sauen.

Prisendring lam 1. halvår

Dato

Årsak til endring

Endring

Måndag 4. januar (veke 1) *)

Engrospris opp

+ 1,30 kr/kg

Måndag 1. februar (veke 5)

Engrospris opp

 + 1,30 kr/kg

Måndag 8. februar (veke 6)

Grunntilskot opp

+ 1,10 kr/kg

Måndag 1. mars (veke 9)

Engrospris opp

 + 1,30 kr/kg

Måndag 31. mai (veke 22)

Engrospris opp

 + 4,00 kr/kg


Prisendring sau 1. halvår

Frå måndag 4. januar 2021 veke 1*) :

Klasse

Engrospris endring

Omsetnings-avgift**

Grunntilskot

Samla endring

Alle E klassene og
U+ og U

+ kr 2,00

Ned kr 0,20

Ned kr 0,20

+ 2,00

U-, alle R klassene og O+

+ kr 4,40

+ 4,40

O

- kr 1,00

- 1,00

O- og alle P klassene

+ kr 0,50

+ 0,50


Prisendring ung sau  1. halvår

Måndag 4. januar 2021 (veke 1)*): Omsetningsavgift ned kr 0,20 og grunntilskot ned kr 0,20, i sum gjev det ingen prisendring.

Prisendring vær 1. halvår

Frå måndag 22. februar (veke 8) grunntilskot opp 5 kr/kg

*) Ved nyttår kan det også skje andre endringar i nettonoteringa som kan påverke avrekningsprisen
**) Forslag frå Nortura til Omsetningsrådet

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes