Søk:

Verktøylinje

Sommarlam 2018

(19.02.18) Sommarlamproduksjonen skal vera basert på overskotslam, dvs lam som er teke frå søya pga at søya har for lite mjølk til at lammet får tilstrekkeleg tilvekst. Det vil difor ofte vera trilling- og firlinglam.

Sommarlam

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Nortura har ein del kundar som ynskjer ferske lam i mai og juni. Ein typisk sommarlamkunde er ein butikk med ferskvaredisk som kjøper heile slakt som blir stykka i butikken.

Vekt og kvalitetskrav er sett ut ifrå denne bruken av sommarlamma.

Vi har også fått til ei salsavtale med REMA basert på stykkingsdelar av sommarlam som blir pakka av oss og seld i butikk.

Sommarlamproduksjonen passar for medlemmer med forholdsvis tidleg lamming og som ynskjer eit intensivt oppdrett av overskotslamma, slik at dei får ein passeleg feittsetnad ved ei forholdsvis låg vekt.

Det er i mai og juni vi har etterspørsel etter sommarlam. Vi tilbyr difor produsentar som har slaktemodne overskotslam klar i denne perioden, ein gunstig pris.

Marknaden for sommarlam er avgrensa, og vi oppmodar difor produsentar som har moglegheit til det, til tidleg avvenning frå mjølkeerstatning og eit meir ekstensivt oppdrett av overskotslam basert på beite og kraftfôr. Lamma blir da slaktemogne med høgare slaktevekt i starten av den ordinære lammesesongen. Som vanleg vil det bli ei prisløype som premierer levering av lam i august/tidleg i september, så dette vil også gje minst like god økonomi for bonden.

Sjå artikkelen: Fôring, stell og økonomi ved ulik oppdrett av overskotslam

På grunn av avgrensa marknad og få aktuelle sommarlam, så er det berre fabrikkane på Forus, Sandeid, Førde og Gol som tek imot og slaktar sommarlam. For å få til rasjonell  inntransport, kan det bli skyving også av sommarlamma.

Produsentprisar på sommarlam fødd i 2018 i slakteklasse R inkludert grunntilskot

Veke nr

10,1-13 kg R

13,1-15 kg R

23. april - 27. mai

69,00

69,00

28. mai - 17. juni

64,00

64,00

18. juni - 1. juli

59,00

59,00


Generelle krav og betingelsar for sommarlamtillegg:

  • Vekt: 10,1 - 15 kg
  • Klasse: O og betre
  • Slakteklasse over R vil få eit tillegg på kr 0,50 pr slakteklasse og under R i slakteklasse, minus kr 0,50 pr klasse til og med slakteklasse O.
  • Vanleg grunnpris på lam på under 10,1 kg og O- og nedover. Vanlege trekk for overfeite lam. Meirprisen utover gjeldande notering vil bli avrekna som eit pristillegg på eiga linje med teksten "Tillegg sommarlam".
  • Lam 15,1 kg og meir får grunnpris + Stjernelamtillegg (dersom dei andre stjernelamkrava er oppfylte).
  • Vanleg innmeldingfrist.

Sjå linket artikkel eller fagbiblioteket under Fôring for råd og økonomi ved ulikt oppdrett av overskotslam.