(05.07.23) Nokre vektgrenser fører til store prishopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar.
Godt kjøttsette, flotte lam på frodige vårbeite. Desse vil ha høg slakteprosent til hausten. Foto: Kari Mørkve Jordalen
Slaktevekt-grense | Verknad på pris |
---|---|
13,1 kg | + kr 6 pga ny vektgruppe på prislista og endra slaktekostnad + kr 3,80 til 4,80 pga at berre lam med 13 kg slaktevekt og tyngre som får utbetalt grunntilskot |
15,1 kg | + kr 2,5 pga Stjernelam-tillegg om feitt- og klassekrava også er oppfylte |
16,1 kg | + kr 4,50 pga ny vektgruppe på prislista og endra slaktekostnad |
17,1 kg | + kr 3 pga Gourmetlam-tillegg om feitt-, klasse- og datokravet også er oppfylte |
Kva levandevekt lammet bør ha for å oppnå desse slaktevektene, kjem an på slakteprosenten (% slaktevekt av levandevekt). Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:
Nedanfor har vi laga ein hjelpetabell for å vurdere kva levandevekt som skal til for å koma over desse viktige vektgrensene.
Norsk kvit sau slakteprosent |
Spælsau slakteprosent |
|||
---|---|---|---|---|
Rett frå sankekve |
Håbeite |
Rett frå sankekve |
Håbeite |
|
Slaktevekt | Levande-vekt, kg | Levande-vekt, kg | Levande-vekt, kg | Levande-vekt, kg |
13,1 | 29,1 | 31,2 | 31,2 | 33,6 |
15,1 | 33,6 | 36,0 | 36,0 | 38,7 |
16,1 | 35,8 | 38,3 | 38,3 | 41,3 |
17,1 | 38,0 | 40,7 | 40,7 | 43,8 |
Klasse O+ gjev også eit stort prishopp. Dette er kravet for å få kvalitetstilskot lammeslakt på kr 525 pr lam frå staten (kr 545 frå 1.1. 2024). Medel slaktevekt for eit O+ lam ligg mellom 14 kg og 15 kg i 2022. Lette, mindre kjøttfulle raser krev høgare vekt for å oppnå O+ enn tyngre raser.
Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Årsaka til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.
Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam: